Håpar på redningsaksjon for Faktafyk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Håpar på redningsaksjon

– Mange er einige om at me treng meir god sakprosa for ungdom, men om ein fjernar Faktafyk, så fjernar ein eit tilbod som faktisk produserer ny sakprosa for unge. Ungdom fortener god sakprosa, som er tilpassa dei, seier dagleg leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner.

LES OGSÅ: Etterlyser god sakprosa for ungdom – på begge målformer

Tel på knappane
Sidan 2012 har dei årleg gitt ut bladet Faktafyk i eit opplag på 125. 000 til ungdomsskuleelevar over heile landet.

Bladet kjem òg med ei eigalærarrettleiing, tilpassa kompetansemåla i skulen.

Men i januar kom det berre 70.000 eksemplar av årets Faktafyk. Dette vart mogleg på grunn av livreddande midlar frå Fritt Ord, Norsk faglitterær forfatter-og oversetterforening (NFF), Norsk oversetterforening og Kopinor.

I år har dei, i likheit med i fjor, fått 2,3 millionar av Utdanningsdirektoratet. Det var 1,5 millionar mindre enn for 2014/2015.

Årets sum rekk til å dekkja skjønnlitterære prosjekt som Leseskogen for dei minste, Bokslukarprisen på 6. trinn, tXt og Uprisen i ungdomsskulen, samt Rein tekst og Ungdommens kritikarpris i vidaregåande skule –men ikkje Faktafyk.

– Me tel på knappane. Slik det er no, så har me ikkje råd. Men me håpar på ein ny redningsaksjon, sjølv om me har fått signal om at dei ikkje kan redda oss årleg, seier Voldner, som no håpar på fast støtte.

Norsk faglitterær forfatter-og oversetterforening (NFF)er innstilt på å stilla opp for Faktafyk i år igjen, dersom det vert eit nytt spleiselag.

Til Framtida.no skriv administrasjonssjef Roar Svartberg at han meiner det vert satsa altfor lite på sakprosa for barn og unge i Noreg.

– Kva mistar norsk skule dersom Faktafyk vert lagt ned? 

– Ei unik innføring i sakprosa på ungdomsskulen.

LES OGSÅ: Vil sjå lesande menn

Lett litteratur
Sjølv om ho ser store variasjonar, meiner Voldner at den norske skulen satsar for lite på lesing generelt.

– Mange les mykje, men det må leggjast opp til det. Me ser at mange ikkje er så gode på å lesa sakprosa. Men lærarar vert ofte overraska over ungdommane, berre dei får elevane gjennom innhaldet, oppdagar lærarane at dei forstår forbausande mykje.

Om Faktafyk forsvinn, fryktar Voldner at ungdomsskuleelevar kan mista litt av breidda i litteraturen, som dei vert servert.

– Ungdom får gjerne servert lettvint stoff, men dei vil ha stoff som er ordentleg og interessant. Ofte kan dei lesa utanriksartiklar og eg-artiklar med stor lyst, men det må vera noko  vesentleg.

Voldner er blant dei som meiner at leselyst i seg sjølv er eit mål, fordi frivillig lesing skapar lesekompetanse.

– For mange er dette ein veg inn til lesinga, og mistar dei denne vegen vert det eit tap, seier dagleg leiar i Foreningen !les, som håpar på avklaring før sommaren.

Ny strategi frå regjeringa
I 2016 vart språkstrategien SpråkløyperNasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016-2019) satt ut i livet.  Utdanningsdirektoratet fekk inn 14 søknadar og av dei i alt 3, 5 millionar kronene som vart lyst ut til lesetiltak, fekk Foreningen !les 2,3 millionar – i tillegg til eit tilskot på 410.000.

Seniorrådgiver i Utdanningsdirektoratet, Anne Borgersen, forklarar støttekuttet i 2014 med at regjeringa hausten 2015 lanserte ein ny nasjonal strategi for språk, lesing og skriving.

«I den nye strategien vert det for fyrste gong satsa på språk, lesing og skriving i både barnehage og skule. Lesesenteret har fått i oppdrag å utvikla nettbaserte kompetansepakkar som barnehagar og skular kan ta direkte i bruk i eige arbeid. Foreningen !les har òg ei rekkje tiltak som kan bidra til motivasjon for lesing, og fleire prosjekt vil kunne videreførast i ei tilpassa form i den nye strategien,» seier Borgersen i ein e-post via ein kommunikasjonsrådgjevar.

Borgersen kan ikkje seia noko om støtta framover, då det kjem an på framtidige statsbudsjett.

LES OGSÅ: Christina banka på døra til 100 naboar