Ein halv million nordmenn lever med økonomiske utfordringar

Barnefamiliar med innvandrarbakgrunn, einslege forsørgjarar og unge vaksne er gruppene i Noreg med størst problem i kvardagen, ifølgje ein ny rapport frå Nav.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nav viser at personar med låg inntekt oftare har dårlegare helse, bur oftare åleine og har mindre sosial kontakt enn dei som ligg over låginntektsgrensa.

Ifølgje rapporten bur omtrent 145.000 personar i hushald der handtering av gjeld er eit tilbakevendande problem. 370.000 personar opplever å ikkje ha økonomisk tryggleik. Dersom ein også inkluderer nære familiemedlemmer, betyr det at meir enn 500.000 personar til dagleg lever med økonomiske utfordringar.

Rapporten «Låginntekt og levekår i Noreg» slår fast at Noreg er eitt av landa i verda med minst forskjellar, men at inntektsforskjellane har auka sidan 2009.

Ein årsak er auka kapitalinntekter til dei som ligg øvst på inntektsstigen, og liten vekst for dei som ligg nedst. Ei anna årsak er auka innvandring.

Les også: Halve Noreg fekk pengar frå NAV i fjor

Jobb viktig for alt

– Sidan mange innvandrargrupper har lågare yrkesdeltaking enn resten av befolkninga, fører auka innvandring til ein større del med låg inntekt. Risikoen for låg inntekt er fem gonger så høg i hushald utan stabil tilknyting til arbeidsmarknaden, seier kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i Nav.

Frå 2011 til 2016 auka delen av befolkninga som har vedvarande låg inntekt ut frå EUs mål, frå 7,7 til 9,4 prosent. Av 101.000 barn i hushald med vedvarande låg inntekt kjem 54,5 prosent frå innvandrarfamiliar, ifølgje rapporten.

I fjor fekk 1,7 prosent av befolkninga økonomisk sosialhjelp. Innvandrarar utgjorde nesten 52 prosent av alle sosialhjelpsmottakarar i yrkesaktiv alder. Denne delen har auka betydeleg dei siste åra, dels som følgje av auka innvandring.

Les også: Aukande barnefattigdom i norske kommunar

Låginntektsfamiliar

Det har også vore ein auke i talet på barn i låginntektsfamiliar utan innvandrarbakgrunn. Ifølgje rapporten er det høgast del låg inntekt i barnefamiliar i Oslo og lågast i Rogaland og Troms.

– Barn i låginntektsfamiliar opplever først og fremst at dei ikkje har dei same sosiale goda som andre barn. Fritidsaktivitetar og ferie skil seg ut, heiter det i rapporten som vidare påpeikar at det svekkjer moglegheita for utvikling av språk og sosiale ferdigheiter når barn ikkje kan delta på same måte som andre.

Les også: Kva skal eg svare når andre spør kva eg driv med?

Unge vaksne

Tidlegare var det ein større del eldre blant personar med låg inntekt. Dette har endra seg som følgje av betre pensjonsrettar.

Den største auken i delen som har låg inntekt, er blant unge vaksne mellom 18 og 34 år. I Nav-rapporten knyter ein dette særleg til manglande vidaregåande utdanning. I denne gruppa har delen arbeidssøkarar gått ned, mens delen som får helserelaterte ytingar har auka.

Blant dei som har størst levekårsutfordringar, er det mange med mangelfulle norskferdigheiter, svake kvalifikasjonar og helseutfordringar.

Delen med låg inntekt har også auka blant einslege forsørgjarar og blant uføretrygda. Blant personar som får ytingar frå Nav, er delen med låg inntekt aller høgast hos aleinebuande minstepensjonistar med alderstrygd.

Les også: Framleis store skilnader i arbeidslivet