Framleis store skilnader i arbeidslivet

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I høve kvinnedagen har SSB har samla ei rekke nøkkeltal om kjønn. Sjølv om ein del har endra seg, er det framleis store skilnader.

Her har Framtida.no plukka med seg nokre av nøkkeltala som forklarer skilnaden på kvinner og menn i arbeidslivet.

Held seg til «kvinneyrka»

Fram til 2008 auka delen av kvinner som deltar i arbeidsstyrken. Då hadde dei nesten tatt igjen mennene. Sidan då har tala vore på veg ned att, men forholdet mellom menn og kvinner ser ut til å halde seg. Det er blitt færre av både kvinner og menn som deltar i arbeidslivet.

Men sjølv om det har blitt fleire kvinner som er yrkesaktive, har dei ein tendens til å velge andre yrke enn menn. Det er fleire kvinner i helse, sosial, og undervisning. Menn dominerer framleis industri og bygg- og anlegg. Dette skiljet er med på å skape skilnad i inntekter, fordi yrka er ulikt lønte.

Ei anna årsak SSB peikar på, er at kvinner jobbar meir deltid enn menn. Retten til heile stillingar har lenge vore ei kampsak for kvinnerøyrsla.

 

Til slutt er det framleis menn som oftast blir leiarar. Ein av tre leiarar er kvinner, men berre ein fjerdedel av toppleiarane er det. I offentleg forvaltning er det større del kvinner i leiarposisjonar, men det er langt fleire leiarstillingar i privat sektor og der er menn i fleirtal.

 

Om du vil lese heile temasida til SSB, kan du gjere det her.