Aukande barnefattigdom i norske kommunar

Talet på barn som lever under fattigdomsgrensa aukar i over 250 kommunar her i landet, men det er likevel store skilnader mellom kommunane, viser nye tal.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tendensen er at det aukar mest i dei store byane, seier seksjonssjef i Bufdir, Solveig Valseth, til NRK.

Blant dei største byane er det Oslo og Drammen som har størst del barn som lever under fattigdomsgrensa.

Dei nye tala som byggjer på situasjonen i 2016, viser samtidig at talet på barn som lever under denne grensa gjekk ned i rundt 140 kommunar. Likevel lever kvart tiande barn i Noreg i ein familie med vedvarande låg inntekt, fortel NRK.

Les også: Ta opp kampen mot barnefattigdom

Familiar med innvandrarbakgrunn overrepresentert

Det er særleg familiar der foreldra manglar arbeid, familiar med åleineforsørgjarar og familiar med låg utdanning som slit. Barnefamiliar med innvandrarbakgrunn er overrepresentert i statistikken.

For å motverka barnefattigdom har regjeringa sett av nærmare 270 millionar til ei nasjonal tilskotsordning, men statssekretær Tom Erlend Skaug (H) i Barne- og likestillingsdepartementet seier mange kommunar ikkje har vore interesserte i ordninga.

– Det burde fleire gjera. Det er viktig at politikarane lokalt er med å løfta dette temaet opp på agendaen, seier han.

Les også: – Det historiske valet i Mexico er eit jordskelv for etablerte parti