Per Magnus Finnanger Sandsmark: – Vi må bli meir synlege

– Vi må bli meir synlege i heile landet, også i Oslo og Bergen, der dei fleste nynorskbrukarane bur, seier den nybakte direktøren i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark (28).

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må bli meir synlege

Torsdag 1. november tok Magnus Finnanger Sandsmark over direktørstolen i Nynorsk kultursentrum etter Ottar Grepstad, som blir pensjonist etter 19 forrykande år i Aasen-tunet i Ørsta. Men den nye direktøren lèt seg ikkje affisere av at han hoppar etter ein «Wirkola».

– Eg må finne min måte å gjere det på. Og dei fleste som hoppa etter Wirkola, hoppa lenger enn han, seier Sandsmark.

– Dei fleste som hoppa etter Wirkola, hoppa lenger enn han

Den sjølvtilliten byggjer han mellom anna på at han ulikt forgjengaren kjem til dekt bord. Sandsmark tar over ein vel etablert museumsinstitusjon med 20 årsverk, avdelingar i Ulvik, Vinje og Ørsta og tre godt besøkte kulturfestivalar.

– Grepstad har leidd denne institusjonen i ein etableringsfase. Da han vart tilsett i Nynorsk kultursentrum, var han først den einaste tilsette. Det er ein stor forskjell, seier Sandsmark.

Les også: Da eg var tjue: Ottar Grepstad var ulukkeleg forelska og reiste med danskebåten

Politikk og kultur

Direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Hallvard Østrem/NPK

Den faglege ballasten har han i form av ein mastergrad i kulturhistorie og museumsvitskap frå Universitetet i Oslo.

Politisk ballast har han fått som folkevald for Venstre i kommunestyret i Halden, fylkestinget i Østfold og som rådgivar for Venstre på Stortinget. Og så har han vore aktiv i Norsk Målungdom og Nei til EU.

I Nynorsk kultursentrum har han vore sidan 2015, først som formidlar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og seinare som redaktør for nettleksikonet Allkunne i Ørsta. No skal han leie heile institusjonen og nå enda vidare og enda fleire enn før.

– Det å dyrke formidlinga til dei gruppene vi elles ikkje når, det er viktig for meg. Det er utruleg viktig at vi tar ei rolle som gjer at fleire nynorskbrukarar veit om oss og bruker tenestene våre, seier Sandsmark.

– Vi må vere meir synlege i heile landet

– Vi må vere meir synlege i heile landet. Det er eit naturleg steg etter at institusjonen er etablert, at vi òg klarer å gjere oss synleg for eit vidare publikum, også nasjonalt. Vi er i Hardanger, Vest-Telemark og på Sunnmøre, som er nært Voss og Nordfjord og andre nynorskområde, men det er klart at vi òg må vere synlege i Rogaland og i Bergen og Oslo, der nynorskbrukarane bur tettast.

Les også: Stina Aasen Lødemel er ny redaktør i Allkunne

Satellittar og samarbeid

Om det betyr at Nynorsk kultursentrum skal etablere satellittverksemder fleire stader i landet, er ei anna sak. Samarbeid med andre institusjonar er kanskje den lettaste måten å nå ut på, understrekar Sandsmark.

– Det å få etablert Vinje-senteret skikkeleg kjem først. Det er viktig for oss å få ei avdeling på den sida av vasskiljet, at vi er til stades både på Aust- og Vestlandet. Om det så blir fleire avdelingar, det er noko vi må sjå på i kvart enkelt prosjekt, seier han.

Direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Hallvard Østrem / NPK

For Sandsmark handlar det ikkje berre om å gjere Nynorsk kultursentrum meir synleg, men om å gjere nynorsken meir synleg. Behovet for ein meir synleg nynorsk såg han tydeleg da han for eit lite tiår sidan i Målungdom-regi besøkte sjetteklassar på språkdelte skular rundt Bergen og Haugesund.

– Dei som var i nynorske mindretal, trong tydelege førebilete og å sjå nynorsk brukt på fleire område og få ei positiv oppleving av språket sitt.

– Der såg eg at dei som var i nynorske mindretal, trong tydelege førebilete og å sjå nynorsk brukt på fleire område og få ei positiv oppleving av språket sitt. Den erfaringa har følgt nynorskengasjementet mitt sidan.

Les også: Nynorsk kultursentrum feirar 25 år

Direktør for føregangsmuseum

Per Magnus Sandsmark blir òg direktør for det Norges museumsforbund i 2015 karakteriserte som «et offensivt, alliansebyggende og framtidsrettet museum». Juryen for prisen Årets museum roste institusjonen i Hovdebygda for å gjere «historie og immateriell kulturarv levende og relevant gjennom ustillinger, festivaler og en tydelig stemme i samfunnsdebatten».

Museumsvitaren gler seg til å vere med på å byggje opp ei heilt ny hovudutstilling ved det nye Vinje-senteret i Telemark, men han er mest opptatt av å dyrke den moderne museumstanken og det store mangfaldet av aktivitetar.

Direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Hallvard Østrem / NPK

Moderne museumsinstitusjon

– Det som er fint med Nynorsk kultursentrum, er at det er ein moderne museumsinstitusjon som ikkje berre formidlar fortida, men som òg prøver å påverke samtida for dermed å forme framtida.

– Alt vi gjer, enten det er politisk påverknadsarbeid basert på fagleg dokumentasjons- og forskingsarbeid, utstillingsarbeid, arrangement eller festivalar, alt dette er museumsverksemd, seier Sandsmark.

Les også: – Eg gler meg til å arbeide for å gjere nynorsk sjølvsagt

Trendy mangfald

Han forklarer at denne typen kombinasjonsbruk høyrer til ein museumstrend som har vakse fram dei siste tiåra. Mangfaldet av aktivitetar er rett og slett trendy.

– Eg trur det har vore heilt avgjerande at vi i motsetning til andre museum og kulturinstitusjonar er samla i ein fagfellesskap og ikkje i ein geografisk fellesskap, seier Sandsmark.

Sist veke deltok den nye redaktøren på konferansen «Treng vi norsk?» i Førde, saman med blant andre språkdirektør Åse Wetås, kulturminister Trine Skei Grande og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

Innlegget han heldt på konferansen, kan du lese her:

Nynorskbrukarane: – Kven er dei, kva treng dei?