– Eg gler meg til å arbeide for å gjere nynorsk sjølvsagt når som helst og kor som helst

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det forpliktar å bli leiar for ein nasjonal institusjon som forvaltar ein avgjerande del av norsk kultur og kvardagen til om lag 600.000 nynorskbrukarar, seier Sandsmark.

– Eg gler meg til å arbeide i lag med styre, råd og dyktige medarbeidarar for å gjere nynorsk sjølvsagt når som helst og kor som helst.

Sandsmark har arbeidd i Nynorsk kultursentrum i nær tre år, først ved Hauge-senteret og sist som redaktør i Allkunne. Sandsmark tek til i stillinga 1. november.

– Sandsmark er ein kapasitet

Dét seier styreleiar Lodve Solholm.

– Han er fagleg sterk, uredd, involverande og tenkjer nytt. Med sin store arbeidskapasitet går han grundig inn i nytt ansvar og nye oppgåver. Sandsmark har arbeidd i fleire avdelingar hos oss og vist seg som ein samlande og lyttande kollega. Frå si politiske erfaring forstår han politisk makt og strategisk kommunikasjon. Per Magnus Finnanger Sandsmark har det som skal til for å bli ein synleg og respektert direktør i Nynorsk kultursentrum, seier Solholm.

Vestlending frå Halden

– Det er viktig at det finst ein fagleg institusjon som dokumenterer og formidlar litteratur og språk for heile livet, ikkje berre skulelivet, seier den nytilsette direktøren.

– Den fremste oppgåva som direktør er å leggje til rette for at gjestene får minnerike opplevingar og ny forståing om språk, dikting og journalistikk, anten dei er på nett, arrangement eller museum.

Per Magnus Finnanger Sandsmark er fødd 1989, voks opp i Halden med foreldre frå Dalane og Nordmøre, og han bur i Volda.

Les ferietipsa til Per Magnus i fjor sommar!

Museumsvitar

Han er kulturvitar med mastergrad i kulturhistorie og museumsvitskap frå Universitetet i Oslo i 2014 og har hatt praksis ved fire museum. Frå hausten 2015 var han formidlar, festivalprodusent og prosjektmedarbeidar ved Olav H. Hauge-senteret. Sidan februar 2017 har han vore redaktør i Allkunne og medlem av leiargruppa i Nynorsk kultursentrum.

Han har ein allsidig politisk bakgrunn og har arbeidd som rådgivar på mange fagfelt for Venstre nasjonalt og Venstres stortingsgruppe i åra 2011–2015, mellom anna for Trine Skei Grande. Sandsmark var varamedlem og fast medlem i Halden kommunestyre 2007–2015, gruppeleiar for Venstre i Østfold fylkesting 2011–2015 og førstekandidat til Stortinget frå Østfold 2013. Han har også mykje røynsle frå målrørsla og andre organisasjonar. Sandsmark er også ein klartenkt debattant, kulturkritikar og foredragshaldar. Alt dette har gitt han eit uvanleg breitt nettverk innanfor kultur, språk, politikk og organisasjonsliv.

Framtida.no intervjua Sandsmark første gong i 2011 då han stilte som fylkesordførar-kandidat som 21-åring.

Omfattande og grundig prosess

Etter 19 år i direktørstillinga varsla Ottar Grepstad i februar at han blir pensjonist frå hausten. Styret oppnemnde eit tilsetjingsutval med tre styremedlemer under leiing av Jon Østbø og engasjerte Vísindi i arbeidet med å finne den rette. I møte 6. juni vedtok styret å tilby Sandsmark stillinga.

– Det har vore ein omfattande og grundig prosess der vi vurderte svært ulike kandidatar, seier Lodve Solholm. – Då vi skulle konkludere, var ingen i tvil. Sandsmark er nettopp den direktøren vi såg etter. Nokon ny Ottar Grepstad kunne vi ikkje få, men dette generasjonsskiftet på toppen gir Nynorsk kultursentrum det vi treng no.

LES OGSÅ: Dette angrar Ottar Grepstad mest på

Sjå video frå pressekonferansen. Spol fram to minuttar inn i videoen: