Stina Aasen Lødemel er ny redaktør i Allkunne

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stina Aasen Lødemel (40) frå Ørsta er tilsett som ny redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne, annonserer Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Sidan 2013 har ho vore tilsett som redaksjonssekretær i Allkunne, men frå 1. november er ho redaktør i nynorsk-leksikonet. Ho tek over etter Per Magnus Finnanger Sandsmark, som frå same dato tek til som direktør i Nynorsk kultursentrum.

– No når kven som helst kan skrive kva som helst på Internett, er fri tilgang til
kvalitetssikra kunnskap på eige skriftspråk viktig for demokratiet, seier Lødemel.

Les også: Nynorsk kultursentrum feirar 25 år

Ingen tvil om den rette

Noverande direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, vert pensjonist frå 1. november. Foto: Sunniva Lund Osdal

– Med sterkt engasjement og presist arbeid har Lødemel gjort sitt til at Allkunne er blitt ein uunnverleg nettstad for både nynorskbrukarar og andre, seier avtroppande direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.

Etter 19 år i direktørstolen annonserte Grepstad i vår at han trekkjer seg tilbake.

No når Lødemel har vorte tilsett som ny redaktør i nynorskleksikonet byrjar den nye kabalen i Nynorsk kultursentrum å falle på plass.

– Etter ein grundig tilsetjingsprosess var vi ikkje i tvil. Ho er den rette, seier Grepstad.

Les også: – Eg gler meg til å arbeide for å gjere nynorsk sjølvsagt når som helst og kor som helst

Lang innsats for nynorsken

Den nye redaktøren i Allkunne har lang fartstid Nynorsk kultursentrum. Allereie frå mai 2009 til desember 2012 var Lødemel knytt til stiftinga i ulike engasjement og vikariat. Frå 2013 til 2016 var ho tilsett i delt stilling som salssekretær i Aasen-tunet og som redaksjonssekretær i Allkunne AS.

Lødemel har ei bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen og held på med ei nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.

Hausten 2016 hadde Lødemel ei kort periode som konstituert redaktør, før ho 1. februar 2017 tok over som redaksjonssekretær. Ei stilling ho har hatt heilt fram til i no.

Ta jubileumsquizen om Nynorsk kultursentrum her!