Åtte av ti med fagbrev er i jobb fem år etter fagprøven
Fem år etter bestått fag- eller sveineprøve er 83 prosent av lærlingane i arbeid. Halvparten tener meir enn 470.000 kroner, viser ferske SSB-tal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har sett nærmare på personar som bestod fag- eller sveineprøve frå vidaregåande opplæring i skuleåret 2010/11.
Av dei rundt 20.800 som bestod yrkesutdanninga frå vidaregåande opplæring i skuleåret 2010/11, var det 13.700 som bestod fag- eller sveineprøven som lærling. Ytterlegare 6.600 bestod som praksiskandidatar og 500 som elevar.
Av dei rundt 13.700 lærlingane som bestod ein fag- eller sveineprøve, var 71 prosent menn. Drygt 80 prosent av lærlingane var i arbeid i 2016 – fem år etter bestått fag- eller sveineprøve.
Les også: Fleire utanlandske utdanningar godkjende i Noreg
– Gir trygge og gode jobbar
Nesten 90 prosent av lærlingane i elektrofag og i helse- og oppvekstfag var i arbeid fem år seinare. Det same var nesten 90 prosent av lærlingane i helse- og oppvekstfag, men her var det berre 30 prosent som arbeidde heiltid.
Gjennomsnittsinntekta for lærlingane som arbeidde heiltid, låg på 456.000 kroner i 2016. Elektrofaglærlingane tente best med ei gjennomsnittsinntekt på 501.000 kroner fem år etter bestått prøve. Nedst på inntektsstigen finn ein lærlingane som bestod prøve i design og handverk med ei medianinntekt på 361.000 kroner.
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner meiner tala er gode nyheiter.
– Tala viser at yrkesfag gir trygge og gode jobbar, og regjeringa har i fleire år satsa på yrkesfaga. Ein større del søkjer no yrkesfag, fleire får læreplass, fleire fullfører og tar fagbrevet. Noreg kan komme til å mangle 70.000 fagarbeidarar i 2035. Eg håpar endå fleire vil velje yrkesfag, seier Sanner.