Fleire utanlandske utdanningar godkjende i Noreg
Kokkar, hudpleiarar og bilmekanikarar som har teke utdanninga si i utlandet får no høve til å få ho godkjent i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi er glade for at vi endå ein gong kan utvide ordninga med godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring med fleire kvalifikasjonar. Tidlegare hadde ikkje denne gruppa søkjarar reell moglegheit til å få godkjent utdanninga si. No er ordninga tilgjengeleg for totalt 19 yrke frå fem land, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.
Dei fem landa som førebels er med i godkjenningsordninga representerer ein stor del av arbeidsinnvandringa til Noreg. Dette er Estland, Latvia og Litauen, Polen og Tyskland.
– Dette er den tredje utvidinga vi gjer i denne godkjenningsordninga sidan oppstarten i november 2016, forklarer Silje Molander, leiar av fagutdanningsseksjonen i NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga).
Det kan bli fleire yrke i 2019.