Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Alle vi intervjua var gjennomgåande negative til måten tekstane var sett opp på. Dei syntest det såg ut som barneskulebøker, og det fekk dei til å føle seg dumme, fortel OsloMet-forskar Gerd Berget til Forskning.no.
Saman med Siri Fagernes frå Høgskulen i Kristiania har ho intervjua 20 vaksne mellom 18 og 40 år som har dysleksi, og studert korleis dei les og oppfattar lettleste bøker.
Les også: Under press slit han med å finne dei rette orda
Ei bjørneteneste
Resultatet syner at lettleste bøker gjer lesarane ei bjørneteneste.
Desse bøkene er prega av kortare linjer. Medan vanlege bøker ofte har kring 80 teikn per linje, kan ei lettlest bok ha berre 17 teikn. Tanken har vore at dette fører til lettare lesing.
Studien tyder derimot på at det verkar mot si hensikt. Dei korte linjene gjer det vanskelegare for vaksne dyslektikarar å få oversikt over teksten. Nokre av lesarane vart forvirra fordi teksten såg meir ut som eit dikt, og andre vart provoserte då dei følte teksten undervurderte evnene deira.
Berget oppfordrar difor til å lage bøker som tek omsyn til alle funksjonsnedsettingar, heller enn å tilpasse bøker spesielt til ei gruppe. Dette inneber eit luftigare grafisk oppsett, større avstand mellom linjene, laus høgremarg, og endeleg å bruke enkle og forståelege ord.
Les også: Difor har du dysleksi