Difor har du dysleksi

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.10.2017 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hos dyslektikarar er dei lysmottakande cellene i auga plassert i matchande mønster i begge auga. Det kan gjere hjernen forvirra ved at det oppstår doble bilde, eller spegelbilde.

Hos folk som ikkje har dysleksi er dei same cellene plasserte i asymmetriske mønster, slik at signala frå det eine auga kan bli overskrivne med signal frå det andre auga og dermed skape eitt enkelt bilde i hjernen.

– Våre observasjonar gjer at vi meiner vi faktisk har funne ein potensiell årsak til dysleksi, seier Guy Ropars ved universitetet i Rennes til AFP.

– Mangelen på asymmetri kan vere den biologiske og anatomiske forklaringa på lese- og staveproblem. Dyslektikarar kan for eksempel blande saman bokstavane «b» og «d», som er spegelvende, heiter det i studien som er publisert i Proceedings of the Royal Society B.

Ropars har saman med sin kollega Albert le Floch brukt det dei kallar ein relativt enkel metode. Dei har sett inn i auga til folk ved hjelp av LED-lys som blinkar så raskt at det blir usynleg å sjå med det nakne auga. AFP oppgir ikkje kor mange som har deltatt i studien, men testpersonane vart utsette for det blinkande lyset mens dei las. Ropar kallar framgangsmåten «den magiske lampa». Han seier det er nødvendig med fleire studiar for å få bekrefta om metoden verkeleg fungerer.

Rundt 700 millionar menneske, om lag kvar tiande person, har dysleksi.