Prøv dysleksi-simulatoren

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein venn som har dysleksi, skildra korleis ho opplever lesing. Ho kan lese, men det krev mykje konsentrasjon og bokstavane synast å «hoppe rundt», skriv utviklar Victor Videll, som står bak nettsida som skal simulere dysleksi for lesaren.

Sjå utdrag frå nettsida her:

Generalsekretær i Dysleksi Norge, Caroline Solem, seier dette om nettsida til Dagbladet:  


– Dysleksi opplevast veldig forskjellig frå person til person. Likevel, her var det mange som fekk augo opp for kor vanskeleg det kan vere å avkode ord. Det er me glade for!

Ordblind diagnose
Ein reknar med at 3-5 prosent av alle barn i skulealder har utviklingsforstyrringa dysleksi, som tidlegare vart kalla ordblindheit.

Nyare forsking tyder på at lese- og skrivevanskar er arveleg. Barn av foreldre med dysleksi har 45 prosent sjanse for å få lese- og skrivevanskar, medan barn utan foreldre med dysleksi berre har 11 prosent risiko.

Sjølv om dysleksi ikkje er ein sjukdom, er det ein diagnose.

Forfattar Sally Gardner lærte først å lese som 14-åring. Ho meiner skulesystemet må endrast for å løfte fram evnene til dei som har lese- og skrivevanskar, heller enn å bryte ned sjølvbiletet deira.

– Dysleksi handlar om å oppleve verda på ein annan måte. Det er ikkje eit handikap, men ei gåve, sa Gardner til Framtida.no, i samband med noregslanseringa av ungdomsromanen Markspist måne.

LES OGSÅ: Mai-Linn lærte å lese og skrive i 6. klasse

Dysleksi-Einstein
Dysleksi har ingenting med intellekt å gjere. Sjå berre på Albert Einstein, som var dyslektikar. Det same var krimdronning Agatha Christie, som er ein av verdas mestseljande forfattarar gjennom tidene.

Ein annan suksessrik dyslektikar er IKEA-gründar Ingvar Kamprad. Han valde å gje produkta sine enkle personnamn, fordi han meiner det er lettare å hugse.

Til og med vår eigen statsminister, Erna Solberg, har dysleksi. Statsministeren fekk mykje ros då ho i fjor stogga rettsskrivingspolitiet med Facebook-kommentaren: «Jeg har dysleksi og skriver selv.»