Det har blitt vanskelegare å vere kvinne.
mm

 

 

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Rapporten «The Global Gender Gap Report» som Verdas Økonomiske Forum (VØF) publiserer kvart år viser at for første gong sidan VØF begynte å måle den globale likestillinga går utviklinga bakover.

Undersøkinga tar utgangspunkt i den relative skilnaden mellom menn og kvinner med fokus på fire område; økonomisk deltaking og moglegheiter, utdanning, helse og overleving samt politisk makt.

Sakte utvikling

Viss utviklinga held fram i same tempo som det gjer i dag vil det overordna globale kjønnsgapet bli lukka innan 100 år. Det er 17 år lenger enn det prognosen tilsa i fjor. Økonomien forblir feltet med størst ulikskapar mellom kjønna, og vil ta heile 217 år for å lukke.

Ulikskapar blir raskast redusert innan den politiske sektoren, men vil trenge 99 år før det blir oppnådd full likestilling. Utdanningssektoren kan eliminere skilnadar mellom kjønn heilt innan 13 år.

Tilbakeslag også for likestillinga i Noreg

Noreg er rangert på andre plass i indeksen, og går med det eitt steg opp frå fjorårets måling. Rapportforfattarane gir landa poengsum basert på likestillinga i landet, der 1 poeng er den høgaste skåren.

I år er den norske poengsummen er 0.830. Men sjølv om Noreg har stige i gradane sidan i fjor har poengsummen likevel gått ned frå fjorårets sum på 0.842.

Etter 20. oktober i år er det tre kvinner på topp i regjeringa; finansminister Siv Jensen, utanriksminister Ine Eriksen Søreide og statsminister Erna Solberg. Foto: Statsministerens Kontor/Flickr

To punkt blir spesielt peike ut som grunn til nedgangen. Utviklinga av lik løn for likt arbeid har stagnert, og i tillegg har ein nedgang talet kvinner i regjeringa gått ned frå tredje til fjerde plass. Rapporten tar utgangspunkt i tal ministrar 30. juni 2017, då 8 av 19 norske statsråder var kvinner. Men 20. oktober i år blei det gjort endringar innad i den norske regjeringa som førte til av det i dag er 9 av 19 statsråder kvinner.

Ifølgje rapporten har til saman 60 av 142 land opplevd ein nedgang.

Utviklinga går seinast i USA

Sjølv om USA ligg høgt oppe på rangeringa, indikerar tal frå rapporten at utviklinga mot full likestilling går treigast i USA. I er USA rangert på 49. plass, samanlikna med 45. plass i fjor. USA har lukke 72 prosent av kjønnsgapet, som er 2 prosent mindre enn i fjor.

Stormakta ser ein forbetring innan økonomisk deltaking og likeløn, men færre kvinner sit med politisk makt, mykje på grunn av ein nedgang av tal kvinnelege ministere. Innan kategorien politisk makt går USA ned heile 23 plassar, frå plass 73 til 96 i rangeringa.

Men i likskap med Noreg har det blitt gjort endringar innad den amerianske regjeringa. 31. juli gjekk den amerikanske sikkerheitsministeren John Kelly over til stabssjef i det Kvite Hus, og hans stilling blei førebels tatt over av Elaine Duke. Donald Trump har no nominert Kirstjen Nielsen til å ta over stillinga.

Det betyr at 3 av 17 ministrar er kvinner, i motsetning til 2 av 17 slik det var på det tidspunktet tala i rapporten er basert på.

Dette er landa som ifølgje rapporten har mest likestilling:

Oppdatert: laurdag 25. november 2017 09.25

Kommentarar

ANNONSE