Gutar, kven har bede dykk halde kjeft i debatten om nakenbilete?

Johanne Knudsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget stod først på trykk i Aftenposten Si ;D.

Kjære gutar!

Kven har bedd dykk halde kjeft? Kor er stemma dykkar i debatten om spreiing av nakenbilete? Det framstår som om det heile er eit problem som berre rammar jenter – forårsaka av gutar.

Lar de gutar vere å seie noko om det fordi de veit at de likevel får all skulda?

For det er jo alltid berre de gutar som tek bilete av «one night standen», ekskjærasten eller ein full kompis ikledd Adam si drakt? Vi jenter gjer jo ikkje slikt. Og vi deler det i alle fall ikkje med andre. Det er vi for smarte til. Gutar er gutar, seier dei vaksne.

Eg veit at dette ikkje er sanninga.

Slutt å legge all skulda på gutane. Det er faktisk ei for enkel løysing, skriv Johanne Knudsen. Foto: Privat

De skal vere tøffe

De gutar skal alltid vere så tøffe. Ikkje vise kjensler. Men gutar, gi no blaffen i å late som ingenting! Eg nektar å tru at det ikkje finst ein einaste gut som har fått eit nakenbilete av seg sjølv spreidd.

Jenter får kvarandre til å gjere dei under-legaste ting.

Eller kanskje desse gutane ikkje finst meir fordi dei ikkje har klart å leve med det? Fordi gutar vert bedne om å takle alt. Fordi gutar ikkje skal vere sårbare.

I dei fleste tilfella der nakenbilete vert delt, så er det de gutar som får skulda, vil eg tru. Me jenter veit sjølvsagt at gutar spreier nakenbilete også, men det verkar som om jenter latar som dei alltid er uskuldige. Vi er for gode til å drive med sånt, ikkje sant? Det er nok ikkje sanninga, dessverre.

Jenter sit saman i grupper og viser kvarandre bilete av gutar i alle fasongar, klesstilar, stillingar.

Jentegrupper kan faktisk vere veldig skumle. Jenter får kvarandre til å gjere dei underlegaste ting. Og plutseleg er biletet ho tok av deg i senga delt med resten av skulen. Deg på ditt mest sårbare. Naken.

Eg håpar eg tok feil

Likevel vel de å halde kjeft om temaet? Då ender det med at de får skulda for spreiinga. Fleire kjendisar går gjennom det same akkurat no. Nokon spreier nakenbilete av dei.

Eg som jente tenkte med ein gong at personane som spreidde bileta, måtte vere menn. Eg håpar eg tok feil. Eg håpar det er ei dame som står bak.

For på den måten kan samfunnet sjå at jentene ikkje berre er uskuldige i spreiinga av nakenbilete.

Og kjære jenter, slutt å legge all skulda på gutane. Det er faktisk ei for enkel løysing.