Firda vidaregåande skule får pris for arbeidet sitt med likeverd og inkludering

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Firda vgs får skulepris for likeverd og inkludering!

– Ikkje minst til elevane, seier rektor Hallgeir Hansen. Foto: Geir Skagen/Firda vidaregåande skule

– Gratulerer til Firda vidaregåande skule! Dette er ein pris som går til dykk tilsette og elevar på skulen. Årets prisvinnar er ein verdig vinnar av Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering, seier fungerande kunnskapsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Firda-rektor Hallgeir Hansen jublar for prisen, og skryt av både elevar og tilsette ved skulen.

– Dei tilsette har eit sterkt elevengasjement og eit sterkt ønske om at ungdomane våre skal nå måla sine. Samstundes har vi positive elevar, som er lette å samarbeide med og som er aktive i å byggja eit ope og godt skulemiljø. Dette er ikkje minst ein pris til elevane, seier Hansen i ei pressemelding.

Kunnskapsminsiter Henrik Asheim meiner Firda vgs er ein verdig prisvinnar. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høgre

Elevmedverknad

I år var 15 skular nominerte til prisen. Juryen vektlegg at Firda vgs er «meir enn ein skule», og ser elevane sin kvardag i ein større samanheng. Over halvparten av elevane er hybelbuarar, og skulen har eit tett samarbeid med heimen der elevane bur.

Prisjuryen uttaler at elevmedverknad er grunnleggjande på skulen, og eit sterkt elevråd har ei sentral rolle i skuledemokratiet.

– Firda vidaregåande skule skil seg ut med ei gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom eit langvarig arbeid med å sjå heilskapen rundt elevane, seier juryleiar Inga Bostad, direktør ved Norsk senter for menneskerettar.

Dronning Sonja kjem til Sandane for å kasta glans over Firda vidaregåande skule. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet

Integrering og miljø

«Gloppen-modellen», eit utdanningstilbod i helsefag til vaksne minoritetsspråklege som fremjar språkopplæring, integrering og meistring gjennom praksis, får også skryt av juryen.

Det same får eit nytt klima- og miljøfag som skulen har utvikla. Faget skal ruste elevane til å møte det grøne skiftet, og er eit pionerarbeid i Noreg.

Prisen er på 250.000 kroner, eit diplom og eit kunstverk signert dronning Sonja. Dronninga kjem sjølv til Sandane og Firda vidaregåande skule for å overrekkje prisen 28. november.