Gjev ut «Skam»-manus i bokform

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regissør og manusforfattar for «Skam», Julie Andem, fekk saman med Mari Magnus Gullruten for årets innovasjon i 2016. Pressefoto: Daniel Nilsen McStay

Regissør og manusforfattar for «Skam», Julie Andem, fekk saman med Mari Magnus Gullruten for årets innovasjon i 2016. Pressefoto: Daniel Nilsen McStay

Om du er ein av dei som saknar Isak, Even, Sana og Noora, kan du no verte kjent med manusversjonen av karakterane frå internettsuksessen «Skam».

I dag lanserer Armada forlag den første av i alt fire bøker med Julie Andem sitt originalmanus til serien, melder NRK.no.

– Eg håpar folk synest det er gøy å lesa, og at nokon kanskje let seg inspirera til å skriva sjølv, seier Andem i ei pressemelding frå forlaget.

Julie Andem la sjølv ut denne Instagram-posten i dag.

Er du ein «Skam»-ekspert? Test kunnskapane dine her!

Omslaget til bøkene er designa av Snøhetta. Foto: Snøhetta

Omslaget til bøkene er designa av Snøhetta. Foto: Snøhetta

Bøker med skrivefeil

Bøkene inneheld manuset til dei i alt fire sesongane av nettdramaet, med skrivefeil, scener som aldri vart vist og Andem sitt personlege tankekart.

Bøkene er den første utgjevinga til det nyoppstarta Armada Forlag, søsterforlaget til Pilar Forlag og Capitana Forlag, som er delvis eig av Petter Stordalen.

– Skam-universet er jo heilt unikt, og har berørt enormt mange. Det er noko med måten Julie Andem skriv på som også kler bokformatet veldig godt, seier forlagssjef Sarah Natasha Melbye til NRK.no.

Dramaserien har også inspirert fagfolk i skulen. Fagbokforlaget gav i fjor ut Dramaserien Skam. Analytiske perspektiver og didaktiske muligheter.

I tillegg har «Skam» inspirert til nye fag ved Universitetet i Oslo.

Les også: Sju ting me aldri kjem til å gløyma frå «Skam»-eventyret