Ungdomsskuleelevane presterer som i fjor

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rundt 120.000 elevar har i haust gjennomført nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk på 8. trinn, og lesing og rekning på 9. trinn.

Resultata, som vart offentleggjort av Utdanningsdirektoratet tysdag, viser inga endring i prestasjonane på nasjonalt nivå og berre marginale endringar i dei fleste fylka og dei største kommunane.

Les også: Elevane måtte rekne ut kor mykje ei kvinne må hoppe for å forbrenne ein sjokolade

Betring i Kristiansand og Drammen

Oslo har den høgste delen elevar som presterer på høgaste meistringsnivå i alle tre fag, og ligg høgt over resten av fylka. Når det gjeld delen som presterer på det lågaste nivået, er forskjellen mellom Oslo og dei andre fylka likevel ikkje like stor.

Elevprestasjonane i dei ti største kommunane endra seg marginalt frå 2017 til 2018, bortsett frå to kommunar:

I Kristiansand har vore ei betring i prestasjonane i lesing frå 48 til 50 skalapoeng på 8. trinn, og delen elevar på dei to høgste meistringsnivåa aukar med ni prosentpoeng.

I Drammen presterte elevane to skalapoeng høgare i lesing i 2017 enn i 2016, og i 2018 presterer elevane endå eitt skalapoeng høgare. I same periode har delen elevar i Drammen som hamnar på dei to lågaste meistringsnivåa, gått ned frå 38 prosent til 27 prosent.

Les også: Høgare avgangskarakterar for ungdomsskuleelevar

Gutane betre i matte

Som tidlegare er det fleire gutar enn jenter på dei høgaste meistringsnivåa i rekning, mens det er flest jenter på dei høgaste meistringsnivåa i lesing. I engelsk presterer gutane og jentene meir jamt.

Dei siste fem åra har delen gutar på dei to lågaste meistringsnivåa i engelsk gått jamt nedover frå 29 prosent til 26 prosent. Det har ikkje vore den same utviklinga for jentene.

Delen som blir fritekne, eller som ikkje deltar på prøvane, er om lag som i fjor og ligg på mellom 3,3 og 3,9 prosent, avhengig av fag og klassetrinn. Akershus har lågast fritaksprosent og Troms har høgast. Rogaland har lågast del som ikkje deltar, mens Nordland har høgast.

Sjå fleire resultat på Skoleporten.no eller udir.no/statistikk