8. klassing frå Bergen reagerer på rekneoppgåve i årets nasjonale prøvar. – Oppgåva fremmar kroppspress, meiner Carina Elisabeth Carlsen.
mm
Oppgåveteksten

Anna leser at kvinner forbrenner 11 kcal ved ett spensthopp. Tabellen viser næringsinnholdet i 100 g melkesjokolade. Hvor mange spensthopp må Anna gjennomføre for å forbrenne energien i 100 g melkesjokolade?

LES FAKTALUKK FAKTA

Synnøve Skarsbø Lindtners dotter var ein av 8. og 9. klassingane som tok årets nasjonale prøvar. Ho reagerte på den eine oppgåveteksten (sjå faktaboks).

– Det er eit utidig og lite gjennomtenkt spørsmål, i alle fall med tanke på kroppspresset blant unge, seier Lindtner. Ho delte bilete av oppgåva på Instagram og fekk fleire reaksjonar.

«Hvordan er det mulig at noe sånt blir sendt ut?!!» og «Hvor mange hopp for å hoppe overslikt i skolen?» er nokon av dei.

– Lagar kroppspress

Ifølgje bloggar og burlesk-artist Carina Carlsen, også kjent som Fetmenfattet og Fifi von Tassel, fremmar rekneoppgåva kroppspress.

– Denne oppgåveteksten bygger opp under kroppsfokuset og har ingenting å gjera i skulen – i alle fall ikkje i matte, seier Carlsen.

– Det er ikkje noko gale i spensthopp i seg sjølv, men då skal ein gjere det fordi ein har lyst å bli dritgod i spensthopp, ikkje fordi ein skal slanke seg.

Carlsen jobbar for å fremme kroppspositivitet, noko ho definerer som å ha ei god psykisk helse retta mot sitt eiget utsjånad. Det betyr å ikkje ha så mykje fokus på korleis ein ser ut men heller kva ein kan.

Carina Elisabeth Carlsen
Carina Elisabeth Carlsen kallar seg kroppspositivist, og meiner 8.-klassingen som reagerte på slankeoppgåva er eit førebilete. Foto: Stine Johansen

Ho fortel at då ho sjølv gjekk på ungdomsskulen var ho svært usikker på korleis ho såg ut.

– Viss eg hadde fått denne oppgåva som 8. klassing hadde eg gått heim og tatt masse spensthopp. Eller slutta å spise sjokolade, fortel Carlsen.

Ho hyllar eleven som reagerte på oppgåva.

– Denne 8.-klassingen er eit førebilete! No blei eg skikkelig glad, det er faktisk håp for framtida.

Meiner oppgåva er viktig for å fremme helse

– Me beklagar om nokon elevar eller andre oppfattar at denne oppgåva bidrar til auka kroppspress, seier Kristin Andersland. Ho er seniorrådgivar i Utdanningsdirektoratet, som utarbeidar dei nasjonale prøvane.

– På same tid er det viktig at elevane forstår samanhengen mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse, seier Andersland.

Oppdatert: onsdag 20. september 2017 16.16

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE