Eg forventa hard, rå og grafisk erotikk, men eigentleg handla mange av novellene om djupare tema, skriv bokmeldar Herman August Søberg.

Herman August Søberg
Publisert

Attrå: ein sterk lengsel, eit brennande ønske, eit seksuelt begjær. Menneske er fylt av lyst og lengt; noko me ikkje heilt forstår kvifor me ønskjer, men som me har ein ulogisk og brennande trong etter å få. Attrå er ei erotisk novellesamling som utforskar fleire aspekt ved lyst, alt frå våte draumar som blir verkelege, til meir spirituelle og magiske fantasiar utanfor vår verd.

Det handlar om troll, jolenissar, og ureine relasjonar, så her er det berre å spenne seg godt fast.

Om boka

Tittel: Attrå: erotiske fantasiar

Forlag: Det Norske Samlaget

Sjanger: Novelle

Boka er skriven av tolv ulike forfattarar som har gjeve sitt perspektiv på ei erotisk forteljing. Blant anna er det forfattarar som Carl Martin Eggesbø frå SKAM og Monica Goksøyr som vann LO sin litteraturpris for debutnovellesamlinga si, Slemme jenter. Det at det er mange vørde personar som har skrive boka, gjer det meir personleg og sårt, og inviterer til at lesaren bør vere meir open til eigne fantasiar sjølv.

Erotisk kjedeleg

Då eg byrja å lese denne boka, forventa eg hard, rå og grafisk erotikk, men eigentleg handla mange av novellene om djupare tema og hadde meir interessante vendingar enn berre noko vått og klissete. Dei var sjølvsagt erotiske, men det var meir ved novellene enn som så.

For meg er det ei samling om openheit og ærlegdom i staden for pornografisk tekst.

Mangfaldet attrår

Noko av det eg likar best med denne novellesamlinga, er at ho utforskar mange ulike perspektiv av lyst. For enkeltindividet er det ganske fastslått kva me likar og ikkje, men sidan det er fleire ulike forfattarar av forskjellig alder, bakgrunn, og legning, får me ein god miks av ulik attrå.

Som allereie nemnd, består novellene av litt av kvart, og det er ikkje veldig stereotypiske fantasiar. Dei er heller litt sære, uventa og personlege. Det gjer det overraskande koseleg å lese boka sjølv om det kanskje er gale å seie «koseleg» om ei erotisk novellesamling …

Sjølv lika eg veldig godt «Eg er så svolten» av Ingvill Kjærstein fordi ho har eit eventyrleg preg på novella si. Det var nesten som å lese Askeladden; litt meir erotisk då. I tillegg synest eg «Skitentøy» av Bjørn Vatne var skriven på ein veldig kul måte. Me får berre vete kva hovudpersonen seier og tenkjer, så ein må gjette kva dei andre svarer, noko som gjer novella mykje gøyare å lese.

Setje skamma i ljoset

Sjølv om denne boka ikkje var som eg forventa med grafiske og klåre bilete av nakenheit og sex, blei eg veldig positivt overraska!

Å lese om sex treng ikkje berre å vere for å bli tend; det kan også vere for å lære meir om mennesket. Me pratar faktisk veldig lite om fantasiar og lystar, kanskje fordi me tenkjer at me er skitne og ekle. Ein kan føle skam og avsky mot seg sjølv for å tenkje på desse tinga. Men når ein les ei bok som denne, skjønar ein at sex og fantasiar og lengsel er heilt vanleg. At det er slik me er sidan me er menneskelege.