Målstrev i ei bygd i Trøndelag

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er over ti år sidan eg har budd der eg kjem ifrå, den pittoreske sagabygda Melhus. Eg vart difor både rørt og smigra, då leiaren i det lokale mållaget tok kontakt for å invitere meg på årsmøte.

«Og vankunna ljoset gøymde»

Nynorsken stod ein gong sterkt i Melhus, som i store delar av Trøndelag. Men så kom Haakon VII på signingsferd gjennom bygda. På kav dansk skal han ha karakterisert henne som «den smukkeste bygd i Norge», og dimed var det slutt med melhusbyggens lojalitet andsynes Ivar Aasen.

Den staute lokale dialekten har òg vorte utvatna av det kvalmande bymålet, som sig ut i distrikta frå dei skitne smuga inne i Trondheim, dette Midt-Noregs Sodoma. I så måte har eg sjølv òg svikta grovt, då eg snakkar mykje «penare» – altså styggare – enn til dømes min eigen farfar gjorde.

Melhus mållag hadde eg, då leiaren ringde, ikkje vigd ein tanke på mange år. Sant å seia overraska det meg å høyre at laget framleis eksisterte. Riktig nok låg dei nede i lang tid, kunne leiaren fortelja, men no: revitalisering – årsmøte. Eg hadde ikkje hjarta til å takke nei.

Les også: Nynorskparadokset i Trøndelag

Bondefanga

Men allereie i opningstala til leiaren byrja eg ane uråd. «Ungdommen er framtida!» forkynte han filosofisk. «Det er viktig at vi satsar på ungdommen. Vi treng friskt blod i laget!» Eg såg meg rundt ved langbordet, som forresten ikkje var så veldig langt: Dei fleste som sat der, var gamle nok til å vera tippoldefedrane mine.

Men allereie i opningstala til leiaren byrja eg ane uråd. «Ungdommen er framtida!» forkynte han filosofisk.

Smått om senn – innimellom tekaka og dei innfallsrike anekdotane – kom vi til punktet «Val» på agendaen. Leiaren orsaka at ingen hadde vorte underretta om innstillinga, men det hadde si naturlege forklåring: Valkomiteen var daud. Det var grunnen til at eg kanskje enno ikkje visste,  utbroderte han, at styret ynskte akkurat meg som ny leiar i laget.

Eg fekk panikk, men rakk å tenkje på alt det fæle og tåpelege eg har enda med å gjera fordi eg aldri greier å seia nei: Bli med i kyrkjelydsrådet … Bli verneombod på jobben …Undervise i gym … Så no sa eg faktisk nei. Nei! Til å bli leiar omgåande. Men eg godtok å bli nestleiar. Med utsikter til å overta leiarvervet etter kvart.

Eg fekk panikk, men rakk å tenkje på alt det fæle og tåpelege eg har enda med å gjera fordi eg aldri greier å seia nei.

Han som ufrivillig vart ny leiar på dette møtet, var ute i god tid før neste årsmøte: «Eg føler at eg går litt på stumpane,» sa han – eg veit framleis ikkje kva dette tyder. «Det er nok best om du overtek som leiar no.»

Eg tykte ikkje eg kunne tvinge ein mann nær dei 60, som altså allereie var på stumpane, til å halde fram i ei stilling så krevjande som leiarvervet i Melhus mållag. Eg stilte difor til val som leiar, og vann ein suveren siger. Det var ingen motkandidatar.

Les også: Den norske landsbyen

Smooth, mellow and krayzie

Ungdommen, ja: Det var – og er – stor semje mellom styremedlemene om at det å satse på ungdommen er vegen å gå. Ein skulle tru dei kunne vera nøgde med å ha slik ein ungdom som leiar; det er enno veker til eg fyller 30.

Men ein kan ikkje klandre dei for å ha ambisjonar, og gjennom fem, seks styremøte og endå eit årsmøte, diskuterte vi inngåande kva som kan gjerast for å narre ungdommen med i laget. Forslaga var mange og utspekulerte, og vi fall ned på eit av dei dristigaste: å lage ein brosjyre.

Forslaga var mange og utspekulerte, og vi fall ned på eit av dei dristigaste: å lage ein brosjyre.

Eg som ungdom fekk i oppgåve å ordne dette på ein EDB-maskin. Det tok meg mange, mange timar og kosta formidable mengder blekk, for korleis skal ein plassere dei forskjellige elementa i Word-dokumentet, så alt blir riktig når ein brettar det utskrivne A4 arket til ein brosjyre?

Ei skikkeleg nøtt, det der, men brosjyre vart det, og i vår la eg han ut på biblioteket på Melhus vidaregåande. I utforminga satsa vi hardt på det kule og hippe, og ikkje minst spela vi på sex: På framsida teksten «Eg elskar nynorsk», med eit stort raudt hjarta i staden for verbet.

Les også: Slik vil Bergen ta ansvar for meir nynorsk

Partytime

Enno har ingen ungdommar faksa oss medlemspengar, men det er for så vidt like greitt, for vi i styret har likevel hatt vår fulle hyre i det siste.

Utanom å oppretthalde dei heilt basale livsfunksjonane, har vi nemleg strevd med ei anna stor sak på dei siste ni, ti møta våre: Vi vil arrangere eit arrangement. Kva det skal vera for slags arrangement, er det vi har tronge tid på å finne ut av. Definitivt noko lokalt forankra, om dialekt, kan hende, eller stadnamn, eller dialekt og stadnamn, eller stadnamn og dialekt, men utvilsamt noko i den retninga.

Vi har nemleg strevd med ei anna stor sak på dei siste ni, ti møta våre: Vi vil arrangere eit arrangement.

Opprinneleg sa vi at vi skulle ha det i fjor haust, men det gjekk ikkje, og så gjekk det ikkje i vår heller, for det er så mykje som hender om våren, og hausten kom no som vanleg som julekvelden på kjerringa… Men Bileams esel! I januar blir det arrangement. Vi skal halde det på eldresenteret, for der bakar dei så god ei skuffkake, noko vi veit at ungdommen verdset.

Programmet blir òg av det vågale slaget, då båe føredragshaldarane er i yrkesaktiv alder, og emna er dei friske «Stadnamn og skrivemåte i Melhus og elles» og «Gamle og nye stadnamn i Melhus». I pausen blir det allsong!

Fordi eg hjarta nynorsk, skal iallfall eg ta med meg kompisgjengen og cruise innom dette urkule arrangementet. Kva med deg? For å seia som de ungdommar seier: Ver der, eller ver ein firkant!

Visste du at ein frå Melhus er ein «melhusbygg»? Ta innbyggjarnamn-quizen her!