Kvifor har vi dei etternamna vi har?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visste du at Thorbjørn Jaglands far i si tid bytte ut slektsnamnet Johansen med Jagland? Og at Gunnar Stålsetts opphavlege kvenske familienamn var Sirkka?

– I boka har eg nemnt ein så kjent person som «landsfader» Einar Gerhardsen, som i ungdommen gjekk under namnet Einar Olsen. Men i vaksen alder tok han etternamnet Gerhardsen og fekk dermed eit såkalla primærpatronym, ettersom faren hans heitte Gerhard, fortel Arne Torp.

Les også: Er du ei «løfserøv», ein «svettpeis» eller kanskje ei «brettlepa»?

Språkforskar Arne Torp har studert norske dialekter i ein mannsalder. Foto: Kjell Åsmund Sunde

Dei vanlege sen-namna

Språkvitaren forklarer at interessa hans for etternamn spring ut av den generelle interessa hans for språkhistorie.

«Eidsvold 1814» vart måla av Oscar Wergeland i 1882-1885.

– Etternamn kan gjerne gå uendra i mange generasjonar i vår kultur, seier forfattaren, som i eit eige kapittel ser på namna til representantane i riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Her røper namna både status og sosial plassering.

I dag blir du kanskje ikkje like bås-plassert ut frå etternamnet, sjølv om somme kling meir av historie enn andre.

– Dei fleste synest truleg at etternamnet deira er «greitt nok», for det er ikkje veldig mange som skiftar, men det hender, seier Torp.

Landsfaderen Einar Gerhardsen heitte eigentleg Einar Olsen, men tok Gerhardsen etter sin far Gerhard Olsen. Foto: Bjarne Befring, CC BY-SA 4.0

Sen-namna

Sjølvsagt ser han òg nærare på dei mykje brukte sen-namna i den ferske boka «Etternavna våre – Fra Astrup til Åstorp». Her kjem det fram at sen-namna starta som etternamn i byane, og at folk på landsbygda hadde gardsnamn som «adressenamn».

At sen-namna har gjort at ein del særpreg har gått tapt i namnefloraen, er Torp einig i:

– Dei er jo ikkje særleg varierte. Og dersom vi ser på variasjonen i dei norske etternamna, ser vi at sen-namna er veldig sterkt representerte blant dei mest frekvente, men dabbar ganske fort av når vi går mot dei meir sjeldne namna.

– Med eit gardsnamn som etternamn er det mykje større rom for variasjon enn med dei mest gjengse sen-namna, som gjerne bygger på fornamn som var vanlege her i landet på 1800-talet.

Kor god er du på dialektar? Ta den store dialektquizen!

Få ting er sterkare knytt til vår identitet enn namnet vårt. Nå kjem boka «Etternamna våre». Foto: Vigmostad & Bjørke

Fantasinamn

Språkvitaren har brukt mykje tid på boka.

– Men aspirasjonen min var i første rekke å skrive ei populær bok som folk flest kan lese, og då er det jo avgrensa kor mange detaljar ein kan fordjupe seg i, understrekar han. Han trur heller ikkje det kjem nokon negative reaksjonar på at han har tillate seg å grave i etternamna til kjente personar.

– Det er jo berre lett tilgjengelege offentlege opplysningar eg har brukt: Statistikkar og bøker skrivne av kjente og respekterte namneforskarar, så eg kan ikkje sjå at eg har røpt nokon personlege løyndomar.

– Eg synest vel heller ikkje at noko av det eg har funne ut, er særleg pikant, men noko av det eg fann, overraska meg, seier Torp – som òg ser utover Noregs grenser i boka.

– Svenskane har eksempelvis ein «fantasi-namnetype» som er ukjent i Noreg, som ofte blir kalla Lindberg-typen etter det mest frekvente av desse namna – med merkverdige eksempel som Granlöv.

– Eg hadde heller aldri tenkt at yrkesnamn dominerte så enormt på det tyskspråklege området, seier språkvitaren – som har skrive boka med eit visst glimt i auget.

– Derfor har det òg vore veldig morosamt å arbeide med henne, seier han til NTB.