Uvaksinerte risikerer jobbnekt i helsevesenet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spørsmåla om vaksinasjonshistorikk og innstilling til vaksinasjon vil gjelde alle som søkjer på jobbar der dei kjem i kontakt med pasientar, ifølgje Fagbladet Journalen. Dersom ein ikkje er vaksinert mot for eksempel meslingar eller influensa og heller ikkje er villig til å bli det, må ein vere innstilt på at det kan få konsekvensar.

– Arbeidsgjevar må gjere individuelle risikovurderingar og vurdere kor forsvarleg det er dersom nokon ikkje vil vaksinere seg, seier avdelingsdirektør Andreas Skulberg i avdeling for kommunale helse- og omsorgstenester i Helsedirektoratet.

– Det vil vere eitt moment ein vurderer i ein tilsettingsprosess. Og det kan få konsekvensar for ei tilsetting, eventuelt føre til omplassering.

Les også: Snart slutt på gratis HPV-vaksine

Uvaksinerte kan bli omplasserte

Uvaksinerte som allereie arbeider på intensivavdelingar eller med sterkt immunsvekte pasientar, kan bli omplasserte, noko Helsedirektoratet allereie har informert om på nettsider og i brev.

Ved fleire store sjukehus i utlandet er det vanleg å krevje i arbeidskontrakten at tilsette lar seg vaksinere mot influensa, særleg dersom ein handterer sårbare pasientar. Overlege Tobias Gedde-Dahl ved Rikshospitalet ønsker liknande krav i Noreg.

Sist vinter vaksinerte 28 prosent av helsearbeidarane seg mot sesonginfluensa, mens det året før var ein endå lågare del, berre 16–17 prosent. Det betyr at så mange som sju av ti helsearbeidarar kan ha gått på jobb med auka risiko for å smitte pasientar.

Les også: Unge kvinner takkar ja til vaksine mot livmorhalskreft