Unge kvinner takkar ja til vaksine mot livmorhalskreft

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ein ny statusrapport frå Folkehelseinstituttet som blir presentert eit halvt år inn i det toårige HPV-vaksinasjonsprogrammet.

Gratistilbodet har vore tilgjengeleg sidan 1. november i fjor. HPV-vaksinen (humant papillomavirus) førebyggjer forstadium til livmorhalskreft og nokre andre kreftformer.

Nær 58.000 kvinner fødde mellom 1991 og 1996 har tatt minst ein dose med vaksinen. Denne gruppa har tidlegare ikkje fått tilbod om HPV-vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.

80 prosent vaksinert
Jenter som er fødde i 1997 eller seinare, har tidlegare fått vaksinetilbodet i 7. klasse. Dei fleste av desse – om lag 80 prosent – har allereie latt seg vaksinere. Dei som tidlegare takka nei, har no fått ei ny moglegheit. I denne gruppa har rundt 4.200 jenter tatt ein eller fleire dosar.

– Det er positivt at så mange unge kvinner allereie har tatt imot tilbodet om vaksinen og ønskjer å beskytte seg mot livmorhalskreft og annan HPV-relatert kreft, seier overlege Margrethe Greve-Isdahl i Folkehelseinstituttet.

Sidan oppstarten er det sendt inn 50 biverknadsmeldingar for vaksinen Cervarix, av dei er seks klassifiserte som alvorlege. To av dei alvorlege meldingane gjaldt alvorlege allergiske reaksjonar på vaksinen og ei melding omhandla medvitstap i etterkant av vaksinasjon.

Ny innkalling
For fire av meldingane er pasientane i betring eller fullstendig restituert. For dei to siste meldingane er pasientane under utgreiing, og Folkehelseinstituttet ventar på resultata. Dei innmelde biverknadane gir ikkje grunnlag for å endre råd om vaksinen, skriv instituttet i ei pressemelding.

I starten av juni vil Folkehelseinstituttet sende ut ei ny tekstmelding om HPV-vaksine. Meldinga går til dei som er fødde mellom 1991 og 1996. Dette utgjer om lag 180.000 kvinner.

LES OGSÅ: Elevar frå Ullern vidaregåande skule testar kvardagen som kreftforskar


Tredjeklassingane Julie Sofie Fagerberg, William Hjertaker, Marie Hestenes Helgheim, Ondrej Nentwich, Anine Fahre og Louise Hodne får prøve seg som kreftforskarar på Radiumhospitalet. Alle foto: Åsmund H. Eikenes