Snart slutt på gratis HPV-vaksine
Frå nyttår av er det ikkje lenger gratis for yngre kvinner å vaksinere seg mot HPV-virus.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tilbodet om gratis vaksine mot Humant papillomavirus (HPV) for kvinner som er fødde i 1991 eller seinare, kom i 2016, og sidan da har om lag halvparten i den aktuelle aldersgruppa tatt vaksinen. Vaksinen gir vern mot HPV 16 og 18, som er årsak til 70 prosent av alle tilfella av livmorhalskreft i Noreg.
No gjer Folkehelseinstituttet ein ekstra innsats for å få fleire av dei 100.000 som enno ikkje har nytta seg av tilbodet, til å gjere det. I september sender dei tekstmelding til alle kvinner fødde etter 1990, for å få fleire av dei til å vaksinere seg gratis.
– Dette er noko vi har jobba for å få til lenge, nettopp fordi livmorhalskreft er ein alvorleg sjukdom. Halvparten av kvinnene som er ramma, er under 45 år, seier overlege Margrethe Greve Isdahl ved Folkehelseinstituttet til NRK.
Fristen for å få den første av i alt tre dosar med HPV-vaksine gratis går altså ut i desember i år, og den siste gratisdosen må takast innan 1. juli 2019. Etter den tid kostar vaksinen rundt 4.000 kroner, slik han gjer for kvinner som er fødde før 1991.
Les også: Unge kvinner takkar ja til vaksine mot livmorhalskreft