Merly byrja å selja sex som 14-åring – åtvarar mot glamourisering

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein person nær meg truga og pressa på at eg skulle selja kroppen min. I mitt barnehovud tenkte eg at ein gong var nok, men sjølvsagt vart trugslane verre. Så eg opplevde aldri at eg hadde noko val.

Merly Åsbogård var 14 år den første gongen ho selde sex. Men 33-åringen fortel om ein veg inn i prostitusjonen som starta enda tidlegare.

– Det var mobbing. Det handlar om å bryta ned ei sjølvkjensle. Så vart eg utsett for ei valdtekt då eg var 13 år. Då eg vart offentleg shama som hora, så var sjølvkjensla på botnen.

Les også: Unge byter sex mot gåver og vennskap

Kritisk til å skrota sexkjøpslova

Framtida.no møter Åsbogård etter panelsamtalen «Sexindustriens overlevende», som vart arrangert av Kvinnefronten på Globaliseringskonferansen i Oslo.

Svenske Åsbogård deltok i panelet saman med irske Rachel Moran og tyske Huschke Mau. Medan Mau jobbar for å forby sexkjøp i Tyskland, jublar Åsbogård over at den svenske sexkjøpslova feirar 20 år i år.

I Noreg har særleg dei borgarlege ungdomspartia teke til orde for å fjerna sexkjøpslova for å få betre kontroll med industrien. Det meiner Åsbogård er ein dårleg idé.

– Det speler ikkje i hendene på dei prostituerte, det speler rett i hendene på dei som utnyttar og dei har ikkje noko følelsar for at du skal ha det betre.

Les også: Fleire varslar om prostitusjon blant asylbarn

I Sverige har #metoo-rørsla og sett fokus på situasjonen for prostituerte gjennom emneknaggen #intedinhora. Merly Åsbogård (33) er blant dei som har stått fram med sitt ansikt og historie.

«Den lukkelege hora»

Då Åsbogård prostituerte seg gav ho uttrykk for at det var eit frivillig val, sjølv om ho ikkje følte det slik. Ho har difor ikkje heilt tru på glanshistoriane om «den lukkelege hora».

– Du finn ikkje teikningar frå barn i åtteårsalderen som skriv at: «Eg vil bli prostituert». Om det er som ein kva som helst jobb, så kan du visa meg den lukkelege pensjonerte hora. Ho som har vore i industrien i 30 år og seier at eg ville gjort akkurat det same på nytt, seier Åsbogård engasjert.

Etter å ha kome seg ut av prostitusjonen har ho teke ein master i statsvitskap, der ho såg på samanhengen mellom meldte overgrep på prostituerte og kommunane sitt støtteapparat for denne gruppa.

Les også: No er filmen om sovevaldtekt sett over éin million gongar

– Eg identifiserte meg som prostituert

Åsbogård har sjølv opplevd korleis det var å ikkje verta fanga opp av systemet. Etter å ha kome seg ut av prostitusjonen frå den personen ho kjente vart ho igjen fanga opp og utsett for overgrep. Det utarta seg i ein valdsspiral der ho vart låst inne i leilegheiter og leigd ut av hallikar. Etter eitt og eit halvt år braut 15-åringen saman og fortalde om ein episode til terapeuten sin.

Eg identifiserte meg som prostituert og tenkte at eg ikkje kunne noko anna

– Det vart rettssak og då eg kom ut på andre sida som 16-17-åring stod eg heilt utan hallik, men eg identifiserte meg som prostituert og tenkte at eg ikkje kunne noko anna – eg var ikkje verd noko anna.

Både frå hjelpeapparatet og folk rundt ho fekk Åsbogård signal om at dette var noko skambelagt ho ikkje burde snakka om.

– Det var ingen som syntest synd på meg. Ikkje ein gong i rettssakene. Det var ingen som sa at du er eit offer, utanom éin person. Han var politimann i Stockholm og han håpar eg at eg kan få takka ein dag, seier Åsbogård.

Det er ingen som kjem til å tru ei hore

Ein dårleg dag på jobben

– Då eg var 19 skulle eg heim til ein kunde. Eg kjem inn i huset, vert slått ned. Dei er to personar der inne. Eg vert valdteken i timar. Dei diskuterer alvorleg om det er lettare å slå meg i hel, eller la meg gå, men dei kjem fram til at: «Det er ingen som kjem til å tru ei hore», fortel Åsbogård.

På dette tidspunktet har ho byrja å misbruka dop og reist frå Sverige til København for å jobba på bordell.

– Eg såg på det som ein dårleg dag på jobben. Så sette det seg veldig djupt og eg forstår i dag at eg ikkje skulle ha overlevd det der, fortel 33-åringen.

Etter nokre år i Danmark slutta ho som prostituert i ein alder av 23 år.

– Eg fann ein måte å forsøka å byggja opp noko på, men det har vore ei lang reise, seier Åsbogård.

Både ho og dei to andre deltakarane i panelet slit med posttraumatisk stressliding (PTSD), noko som er svært utbreidd blant tidlegare prostituerte.

Les også: Dansk feminist: – Kan nokon invadere Danmark og sivilisere oss

Svenske Merly Åsbogård, tyske tyske Huschke Mau og irske Rachel Moran kan spøke, men slit alle med PTSD etter si tid som prostituerte.

#intedinhora

I dag driv Åsbogård mellom anna Facebook-gruppa «Supportgrupp för utsatta kvinnor», Instagramkontoen ViskansViol og podcasten 5kampen.

I kjølvatnet av #metoo vart ho òg med på det svenske oppropet #intedinhora, som vart starta av Gabriella Kärnekull Wolfe.

– Korleis har den svenske debatten kring prostitusjon endra seg dei siste ti åra?

– Den største endringa i dag er at før hadde ein veldig tydeleg oppdeling mellom dei som var i trafficking – dei var ofra – alle andre var friviljuge. I og med at den friviljugheita låg over så kunne du ikkje søka omsorg eller hjelp frå sosialtenestene. Men det har endra seg det siste året.

Ifølgje Åsbogård er økonomisk støtte eit av dei viktigaste tiltaka som kan få dei som er økonomisk avhengige av prostitusjon bort frå dette.

Sugardating

I Sverige har det til liks med Noreg vorte meir fokus på fenomen som sugardating dei siste åra, noko Åsbogård er svært kritisk til.

– Det er fokus på at kvinnene bys på glamorøse festar og reiser, men kor finst belegget for det? spør ho kritisk.

Ho samanliknar omgrepet sugardating med då ordet eskorte dukka opp.

Det er prostitusjon, sama korleis du vrir og vender på det

– Det er prostitusjon, sama korleis du vrir og vender på det. Det er frykteleg problematisk at media er så kåte på å framstilla sugardating – eller datidas eskorte – som om det skulle innebera eit slags steg opp på klassestigen. Du kan jo gå på ein fin middag, men det er ikkje majoriteten av gubbane som tenkjer at eg skal ta med akkurat deg på jorda rundt reise, seier Åsbogård engasjert.

Ho er tydeleg i sin tale:

– Media må ta ansvar. Slutt å glamourisera prostitusjon! Det er ein enormt sårbar situasjon som gjer at jentene – oftast jentene – ikkje kan kommunisera det medan det skjer, seier Åsbogård.