– Kan nokon invadere Danmark og sivilisere oss?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kan nokon invadere Danmark?

 Tre skandinaviske feministar møtte til samtale i høve Skandinavia-fest på Bergen bibliotek førre veke. Forfattar Marta Breen frå Norge, kommentator Natalia Kazmierska frå Sverige, og foredragshaldar Emma Holten frå Danmark diskuterte likestillingsutviklinga i dei tre landa. Det vert ingen usemje om kven som låg dårlegast an.

– I Danmark er det kanskje ti offentlege personar som vil kalle seg feministar. Det finst nesten ingen store debattar om til dømes likeløn – sjølv om Danmark ligg på 19. plass i verda når det gjeld økonomisk likestilling, mens Noreg og Sverige er på topp. Viss det skjer noko som omhandlar kvinner, så ringer avisene meg for ein kommentar, og that’s it, seier Emma Holten.   

Den kjende feministen peiker likevel på at dansk ungdom stadig oftare blir merksame på ulikskapen i samfunnet.

– Det skjer ei gradvis endring no. Men når ein feminist prøver å ta opp ting til debatt, blir det ofte avfeia med at det er «verre i andre land». Så det er ikkje alltid så festleg å vere feminist i Danmark.

LES OGSÅ: Hemnporno-offeret Emma Holten: – Eg blei feminist av det som hende 

– Bra trøkk i kvinnerørsla i Norge
Heile Noregs riksfeminist, Marta Breen, seier seg einig.

– Avisene plar ofte å rangere saker opp mot kvarandre. Det er mange feministiske debattar i Noreg, der nokre blir sett på viktigare enn andre. Og dei som jobbar med det ”mindre viktige” feltet, får skylda for å ikkje ta opp andre feministiske tema. Eg synest vi bør halde alle debattane ved like.

Breen har lang fartstid som forfattar og foredragshaldar. Ho har mellom anna skrive Født feminist. Hele Norge baker ikke, i tillegg til å vere medforfattar av F-ordet. 155 grunner til å være feminist, Den store rumpefeiden og 60 damer du skulle ha møtt.

Forfattaren meiner at Norge fekk ei feministisk oppvakning etter regjeringsskiftet i 2013, og særleg ved reservasjonsrett-debatten. 8. mars-toget i 2014 har sjeldan hatt eit større oppmøte.

– Det er bra trøkk i kvinnerørsla i Norge. Feminismen er meir fleirsidig enn før. Det er blitt større fokus på antirasisme enn tidlegare. Men eg får nesten dagleg epostar frå folk som spør om kvifor eg ikkje kan skrive meir om svarte og muslimske valdtektsmenn, seier Breen.

LES OGSÅ: – Mensen var noko ekkelt ein ikkje snakka om


 Eg får dagleg epostar frå folk som meiner at eg bør skrive meir om muslimske valdtektsmenn. Ein legg til grunn at alle valdtektsmenn er innvandrarar, seier Marta Breen. Til høgre sit svenske Natalia Kazmierska. Foto: Elise Løvereide

– Danmark er i hippiefasa
Holten er lite imponert over ståa i Danmark.

– I Danmark har ein gjerne eit debattpanel på fem menn og ei kvinne som skal diskutere prostitusjon, der dei berre snakkar om kor bra det er. Mange danskar vil ikkje forstå. Som feminist har du ingen stor kvinneorganisasjon i ryggen, og ein får berre høyre kor glad ein skal vere som bur i Danmark. Kan ikkje de berre invadere Danmark og sivilisere oss? spøker Holten.  

Meiner Sverige har kome lengst
Ei undersøking få 2014 syner at 47 prosent av svenskar kallar seg sjølv feministar. Alle tre paneldeltakarane er samde i at Sverige er det landet som har kome lengst. Det legg heller ikkje svenske Natalia Kazmierska skjul på.

– Vi har ein regjering som kallar seg feministisk. Det gjer slagkraft, men kva inneber det eigentleg? For meg handlar identitetspolitikk om antirasisme, seier ho.

– Viss vi ikkje har identitetspolitikk i våre klasseanalysar, kjempar vi berre for kvite menn sine rettar. Gong på gong skal alle lytte til Sverigedemokraterna og Marine le Pen. Men sentrum-venstre vil sjeldan lytte til feministane, meiner Holten, og legg til at den effektive feminismen er sosialistisk.

Marta Breen meiner at store feministiske saker kan mobilisere feministar frå både venstre-og høgresida.

Når det gjeld minoritetskvinner, er både Holten, Breen og Kazmierska glade for at stadig fleire kjem på bana i samfunnsdebatten.

– Eg som er ateist kan jo ikkje prate for ei muslimsk kvinne. Det er flott at dei no vil ta opp kampen for eigne rettar, avsluttar Breen.

LES OGSÅ: Hijabfeminisme: – Kven avgjer at det er fridom å ta av seg klede? 

Marta Breen (Norge), Natalia Kazmierska (Sverige) og Emma Holten (Danmark) diskuterte likestilling i dei tre landa på Bergen bibliotek førre veke. Der var det brei semje om kva land som låg best og dårlegast an. Til høgre ordstyrar Charlotte Myrbråthen. Foto: Elise Løvereide

Faktaboks

 Om panelet:

Marta Breen (f. 1976) er sakprosaforfattar, journalist og spaltist i Dagsavisen.

Emma Holten (f. 1991) er foredragshaldar, aktivist og redaktør for tidsskriftet Friktion.

Natalia Kazmierska (f. 1979) er journalist i svenske Aftonbladet.