– Det kan vere mørketal når det gjeld talet på moglege ofre for menneskehandel.

NPK-NTB
NPK-NTB

I 2015 melde norske asylmottak frå om fem einslege mindreårige dei meinte blei utnytta til prostitusjon eller andre seksuelle tenester. Til samanlikning fekk UDI berre éi slik melding i 2014.

Asylsøkjarane var i alderen 15 til 18 år, ifølgje VG.

– Det kan vere mørketal når det gjeld talet på moglege ofre for menneskehandel – tala vi har er basert på manuelle rapporteringar. Det kom veldig mange einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg i fjor haust, hittil i år har vi likevel ikkje registrert nokon rapportar om at einslege, mindreårige asylsøkjarar i mottak prostituerer seg, seier presserådgjevar John Olav Kroken i Utlendingsdirektoratet (UDI).

I ein fersk Fafo-rapport skildrar forskarane korleis dei mottakstilsette blei hjelpelause vitne til at ei 16 år gammal jente reiste inn til nærmaste by for å selje sex. UDI hadde ikkje moglegheit til å setje i verk tvangstiltak, og barnevernet grep ikkje inn.

– Viss 16-åringar prostituerer seg, bør barnevernet gå inn, nettopp fordi UDI ikkje har moglegheit til tvangstiltak. Det lokale barnevernskontoret må vurdere omsorgsovertaking, seier ein av forskarane bak rapporten, Guri Tyldum. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE