Dei fleste som kjem til valdtektsmottaket har opplevd noko liknande som Emilie

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.06.2018 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No er filmen om sovevaldtekt sett over éin million gonger

– Me la ut filmen klokka 14.00 torsdag på Facebooksida til mottaket. Den begynte å spreia seg umiddelbart, seier Ann Helen Lomsdalen som er dagleg leiar for Overgrepsmottaket i Østfold til Sarpsborg Arbeiderblad. Facebook-sida deira hadde torsdag kring 100 følgjarar.

Laurdag føremiddag er filmen delt 13000 gonger, og sett over éin million gonger.

I den seks minutt lange filmsnutten følger vi Emilie via meldingar på snap og messenger. Ho vaknar opp dagen etter ein fest, er i dårleg form, hugsar lite frå kvelden før og er naken på underkroppen.

Her kan du sjå det som truleg er den mest sette videoen i Noreg dei siste dagane:

Sovevaldtekt er vanlegast

– 70–80 prosent av dei jentene som kjem inn til oss har opplevd noko liknande som Emilie. Jenter som har blitt for fulle, sovna og som vaknar opp dagen etter og er veldig usikre på kva som har skjedd, seier Lomsdalen til Sarpsborg Arbeiderblad.

Kring 40 prosent av valdtektene som blei melde til politiet har skjedd i samband med fest.

Mørketala rundt seksuelle overgrep er høge. Lomsdalen håpar at videoen skal gjera unge jenter og gutar medvitne på kor grensa går. Og at det er viktig å søka hjelp ved eit overgrepsmottak dersom ein veit eller trur ei har blitt utsett for eit overgrep.

LES OGSÅ: Rekordmange seksualbrotsverk melde til politiet

LES OGSÅ: Sjølv om ein er valdteken, så er ein ikkje svak

 

Her er Amnesty sine 6 reglar for sex

  1. Begge partar må vera samde om at dei skal ha sex. Er du i tvil, så spør!
  2. Du avgjer sjølv når og kvar du vil ha sex, og kven du vil ha sex med.
  3. Du skal respektera at andre har den same retten.
  4. Du kan alltid ombestemma deg. Det kan òg den andre parten.
  5. Overstadig rusa og / eller sovande personar kan ikkje samtykka til sex.
  6. Ta vare på kvarandre, og bry deg om kva venene dine gje!