ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN Rapport: Fleire hushald gir pengar til bistand
Illustrasjonsbilete: Pixabay.com

Rapport: Fleire hushald gir pengar til bistand

Annakvart hushald i Noreg gav pengar til bistand i fjor, ifølgje ein ny rapport. Skattefrådrag for gåver har opna nordmenns lommebøker, skriv forfattarane.
NPK-NTB
NPK-NTB

Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor har kartlagt utviklinga i den frivillige innsatsen i Noreg frå 1998 til 2017, skriv Vårt Land.

For 20 år sidan gav kvar fjerde hushald pengar til bistandsorganisasjonar. Ikkje berre har den delen auka betrakteleg, men gjennomsnittsbidraget per hushald har også gått opp.

Les også: «Å gi etter evne utan dårleg samvit bør vere idealet»

Skattefrådrag og moralsk plikt

Ordninga med skattefrådrag på pengegåver til godkjente organisasjonar påverkar nordmenn til å opne lommeboka, heiter det i rapporten, « … særlig når man registrerer seg som fast giver og får automatisk skattefradrag år etter år».

Men det er ikkje berre skattefrådraget som gjer at fleire nordmenn gir meir til bistand. Delen nordmenn som svarte at dei har ei moralsk plikt til å hjelpe frivillige organisasjonar, har gått opp frå 49 prosent i 1998 til 59 prosent i 2014.

– Dette viser at det er eit sterkt ønske blant nordmenn om å få vere med på å bety noko, seier generalsekretær Hjalmar Bø i Digni, ein paraplyorganisasjon for kristne bistandsorganisasjonar.

Les også: Kva kan du gjera for å redda verda litt? 

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE