Kva kan du gjera for å redda verda litt?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ver klar over kor viktige de er, sa tidlegare bistandsminister Hilde Frafjord Johnson frå scenen på Samtidsdagane på Høgskulen på Vestlandet på Stord tysdag. Tittelen på føredraget hennar var «Redde verda – er det muleg?».

LES SAKA: Fekk klar beskjed: – Våg å utfordra politikarane

Me spurte nokre av dei som høyrte på om kva dei kan gjera for å verda litt:

Azwan Kadir, 19, Stord, idrettslinja, HVL
– Eg tenkjer eg kan bidra og vera meir engasjert, og bry meg meir om samfunnet.

Sofie Onarheim, 17 år, Stord, Stord vgs.
– Ein kan engasjera seg, delta meir i samfunnet og bry seg meir om dei som bur utanfor landet vårt.

Bjørg Irene Frøland, 21, Vats, lærarstudent, HVL
– Folk snakkar om å redda verda heile tida. Eg synest det er vanskeleg, men eg tenkjer det går an å gjera meir for klimaet. For eksempel kan ein køyra mindre bil. Men det kjem sjølvsagt an på kvar ein bur. Eg har sykla til butikken éin gong i staden for å bruka bil.

 

Ragna Kristin Skålevik, 27, Sagvåg, barnehagelærarstudent, Høgskulen på Vestlandet (HVL)
– Eg tenkjer me kan ta i mot dei som kjem på ein skikkeleg måte. Og gjerne bidra med pengar også.

 

Anita Teigland, 22, Bømlo, barnehagelærarstudent, HVL
– Ein kan vera anerkjennande og integrerande. I heilskap så trur eg det er best å hjelpa dei som har det vanskeleg der dei er, slik at ein slepp å splitta familiar.