– Serien blei vendepunktet eg trengte for å bli betre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire unge som slit står fram

Gjennom elleve møte blir vi kjende med åtte ungdommar og deira vanskelege kvardag med psykiske problem. I løpet av programmet får ungdommane gruppeterapi ved psykolog Peder Kjøs. Ein av desse er Eirin Larsen (21) frå Tjelta.

– Serien hjelpte meg med å forstå min eigen sjukdom, og til å vere meir open, seier ho til Framtida.no.

Sjølv har Eirin fått utelukkande positive reaksjonar etter at serien gjekk på NRK i vår.

– Tida etter filminnspelinga var veldig tøff. Sidan då har det berre gått oppover.

– Angrar ikkje
Sjølv om Eirin trur det er blitt eit større press blant ungdom om å vere opne, angrar ho ikkje sjølv på at ho stod fram.

– For min eigen del blei mangel på openheit det som heldt meg tilbake. Då eg blei med i NRK-serien, var det ingen veg tilbake til det inneslutta livet. Det blei vendepunktet eg trengde for å bli betre. Undervegs tenkte eg lite på at det ville bli sendt på TV, eg gjorde det først og fremst for meg sjølv. Dei positive reaksjonane har berre vore ein bonus, seier ho.

Eirin meiner folk må kjenne sjølv kva som er riktig å gjere. Ho trur mange ungdommar blir frustrerte viss dei vel å vere opne, men ikkje får den responsen dei hadde ønskt.

– Eg trur mykje av presset kjem frå eit ønske om merksemd. Det viktigaste er openheit med dei nærmaste – ein vil aldri få den merksemda ein treng av å gå ut i media, eller av å blogge. For nokon kan det hjelpe å sortere tankane gjennom skriving, men for mange blir det ein evig kamp om likes og lesarar. Det betyr lite samanlikna med vener og familie, seier Larsen. Ho konkluderer:

– Av og til er det betre å berre akseptere seg sjølv slik ein er, og få støtte frå dei nærmaste.

LES OGSÅ: – Du treng ikkje forstå den psykisk sjuke, seier forskar. Det er viktigare å få dei til å snakke med nokon

– Nokre kan nok angre etterpå
Ingunn Hagen er professor og medieforskar ved psykologisk fakultet, NTNU, og har skrive ei rekke bøker om ungdom og mediebruk.

– Ungdom og andre stiller i større grad opp på tema-seriar, som, «Jeg mot meg», der deltakarane eksponerer seg sjølv og sine utfordringar. Men den største eksponeringa skjer for dei fleste via sosiale medium, som Facebook, Snapchat, Instagram, blogg og liknande.

Ifølgje forskaren slit omtrent 15-20 prosent av barn og unge med psykiske problem. Dei mest vanlege lidingane er angst, depresjon, eteforstyrring og ADHD. Men svært mange slit også med stress, ensemd og prestasjonsangst.

– Psykiske problem er meir på dagsorden enn tidlegare, både i skulen, i media og via organisasjonar som jobbar mot ungdom. Likevel er det enno skambelagt å innrømme at ein slit psykisk, meiner Hagen.

– Kva konsekvensar kan det få at ein er open om psykisk sjukdom offentleg?

– Det kan bety at ein ikkje blir heilt rekna med, både sosialt og i jobbsamanheng. Nokre kan nok angra seinare, spesielt viss dei opplever stigmatisering og at mange forbind dei for einsidig med eventuelle diagnose.

15050306_10207850967767261_1008918166_n
Det er viktig å tenke over kva du ønsker og oppnå ved å eksponere deg sjølv, seier Eirin Larsen. Foto: Ingvild Larsen

– Media har eit ansvar
Hagen kallar media si rolle i det heile for eit tveegga sverd.

– Det har heilt klart blitt meir openheit enn før, og eit visst press på å utlevere seg. Media har i det minste ansvar for å beskytte folk mot seg sjølv.

Professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, Brita Ytre-Arne, meiner den auka eksponeringa av ungdom både har positive og negative sider.

– Frå eit presseetisk synspunkt har media ansvar for eit særleg vern av sårbare personar og grupper. Det er også eit poeng at det kan vere vanskeleg å forutseie rekkevidda og konsekvensa av mediemerksemda. Samstundes kan det opplevast som positivt å dele erfaringer, og det kan ha positiv nytte for andre som ser på. Med andre ord er det avhengig av samanhengen, det finst ikkje noko enkelt svar.

LES OGSÅ: – Vi kan redde fleire ved å snakke om sjølvmord, seier forfattar Maria Bokneberg

– Kan bli veldig einsame
Thomas Wold, forskar ved Psykologisk institutt på NTNU, meiner at openheit kan skape kunnskap og forståing, men at ein som frisk kan angre på det ein gjorde som sjuk.

– Tema knytt til psykiske lidingar eller alvorleg sjukdom blir underkommunisert i samfunnet, og dei som får desse plagene kan bli veldig einsame med problema sine. Eg er derfor ikkje forbausa over at dei føler eit behov for å fortelje om sin situasjon. Det kan fungere terapeutisk å dele med andre, men ikkje alle råd eller all merksemd er av den gode arten, seier Wold.

Framtida.no har ikkje fått kontakt med psykolog Peder Kjøs.

Fekk du med deg dette sterke innlegget i haust? Rikke (19) skriv: Det er fullt lov å kjenna på smerte. Det er lov å vera lei seg, grina, skrika og vera full i frustrasjon og redsle.

Faktaboks

Psykiske plager er ein tilstand som personen opplever belastande, men ikkje i like stor grad som ved ein diagnose. Ei psykisk liding er når bestemte diagnostiske kriterium er oppfylt.

Psykiske plager og lidingar er eit stort helseproblem hjå barn og unge i Norge i dag.

15-20 prosent av barn og unge mellom tre og 18 år har nedsett funksjon på grunn av psykiske plager som angst, depresjon og åtferdsproblem.

Omtrent åtte prosent av barn og unge har så alvorlige problem at det tilfredsstiller kriteria til ei psykisk liding.

For aldersgruppa 15-19 år viser tal frå Reseptregisteret at det var ei sterk auke i bruk av antidepressiv i perioden frå 2004 til 2013.

Kjelde: Folkehelseinstituttet (Heiervang, 2007, Mykletun, 2009, Wichstrøm, 2012).