Stina Aasen Lødemel er ny redaktør i Allkunne
– Stillinga gir meg ein unik sjanse til å fremje ei sakleg kunnskapsformidling som styrkjer bruken av nynorsk i den digitale kvardagen, seier ho.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stina Aasen Lødemel (40) frå Ørsta er tilsett som ny redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne, annonserer Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.
Sidan 2013 har ho vore tilsett som redaksjonssekretær i Allkunne, men frå 1. november er ho redaktør i nynorsk-leksikonet. Ho tek over etter Per Magnus Finnanger Sandsmark, som frå same dato tek til som direktør i Nynorsk kultursentrum.
– No når kven som helst kan skrive kva som helst på Internett, er fri tilgang til
kvalitetssikra kunnskap på eige skriftspråk viktig for demokratiet, seier Lødemel.
Les også: Nynorsk kultursentrum feirar 25 år
Ingen tvil om den rette
– Med sterkt engasjement og presist arbeid har Lødemel gjort sitt til at Allkunne er blitt ein uunnverleg nettstad for både nynorskbrukarar og andre, seier avtroppande direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.
Etter 19 år i direktørstolen annonserte Grepstad i vår at han trekkjer seg tilbake.
No når Lødemel har vorte tilsett som ny redaktør i nynorskleksikonet byrjar den nye kabalen i Nynorsk kultursentrum å falle på plass.
– Etter ein grundig tilsetjingsprosess var vi ikkje i tvil. Ho er den rette, seier Grepstad.
Les også: – Eg gler meg til å arbeide for å gjere nynorsk sjølvsagt når som helst og kor som helst
Lang innsats for nynorsken
Den nye redaktøren i Allkunne har lang fartstid Nynorsk kultursentrum. Allereie frå mai 2009 til desember 2012 var Lødemel knytt til stiftinga i ulike engasjement og vikariat. Frå 2013 til 2016 var ho tilsett i delt stilling som salssekretær i Aasen-tunet og som redaksjonssekretær i Allkunne AS.
Lødemel har ei bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen og held på med ei nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.
Hausten 2016 hadde Lødemel ei kort periode som konstituert redaktør, før ho 1. februar 2017 tok over som redaksjonssekretær. Ei stilling ho har hatt heilt fram til i no.
Ta jubileumsquizen om Nynorsk kultursentrum her!