New Zealand-bedrift innfører fire dagars arbeidsveke
Resultata frå eit prøveprosjekt i vår var så gode at bedrifta «Perpetual Guardian» innfører ordninga permanent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Noreg dreier diskusjonen om arbeidsveka seg mest om sekstimersdagen, som spesielt Miljøpartiet dei Grønne går inn for. På andre sida av kloden har ei bedrift gått for eit heilt anna alternativ.
På New Zealand innfører bedrifta Perpetual Guardian fire dagars arbeidsveke for sine tilsette, melder The Guardian.
Les også: Ta tida tilbake – innfør sekstimars arbeidsdag!
Berre positive følgjer
I seks veker i vår gjennomførte bedrifta eit prøveprosjekt der nesten 250 tilsette arbeidde fire 8-timers arbeidsdagar i veka, men fekk betalt for fem.
Dagleg leiar i bedrifta Andrew Barnes seier at det ikkje var nokon negative sider ved prosjektet. Leiinga kunne måle like gode arbeidsresultat frå fire dagar som fem, medan dei tilsette opplevde både mindre stress og at det vart enklare å kombinere yrkesliv og familieliv.
Barnes hevder vidare at den forkorta arbeidsveka potensielt også har følgjer for lønnsforskjellar mellom kjønna, den mentale helsa til dei tilsette, og samstundes vil motivere tilsette til å vere meir produktive, skriv The Daily Mail.
Les også: Framleis store skilnader i arbeidslivet
Frivillig å delta
Perpetual Guardian vil likevel ikkje tvinge sine tilsette til å arbeide færre dagar i veka – det vert valfritt og opp til kvar enkelt.
Dei som vel å arbeide fire dagar i veka vil få same løn som før, men må oppfylle visse produktivitetsmål før dei kan ta den eine dagen fri, skriv New Zealand Herald. Tilsette som ikkje ønskjer redusert arbeidsveke, får mogelegheita til å arbeide fem dagar som før, men med andre goder, til dømes færre arbeidstimar per dag eller meir fleksibilitet for å gjere tidsknipa meir overkommeleg.
Les også: Hyppige pausar gjer deg meir effektiv