Italias nye innanriksminister vil ha oppteljing og utvising av romfolk

Forslaget om folketeljing av ein minoritet er eit gufs frå fortida, rasar motstandarane.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var i eit TV-intervju måndag at innanriksminister og leiar av det sterkt høgrepopulistiske partiet Ligaen Matteo Salvini presenterte planane sine. Ministeren vil setja i gong ei folketeljing av romfolka i landet, og utvisa dei som ikkje har papira i orden.

Det er same Salvini som nyleg nekta å ta imot migrantskipet Aquarius.

– Dessverre må vi behalda italienske romfolk, for du kan ikkje utvisa dei, sa Salvini i intervjuet.

Forslaget har møtt krass kritikk frå regjeringspartnarane i Femstjernersrørsla og EU-kommisjonen, som begge viser til at det er ulovleg å utvisa borgarar basert på etnisitet.

Ligaen er for tida største parti på meiningsmålingane i Italia.

Trekk parallellar til fascismen

Italienske politikarar frå sentrum-venstre er opprørte over forslaget, og viser til at Italia har ei «frykteleg» historie. Også under fascismen dreiv landet med oppteljing av minoritetar – den gong av jødar.

Opprettinga av «aksen Roma-Berlin» i 1938, under diktatoren Benito Mussolini, var starten på det fascistiske Italia. I løpet av verdskrigen blei tusenvis av italienske jødar deportert og myrda i konsentrasjonsleirar.

Opposisjonen i Italia trekk nå parallellar mellom Salvini sitt forslag og desse hendingane.

Det bur rundt 170 000 romfolk og sinti (ei undergruppe av romfolk) i Italia. Dei fleste av desse har fast bustad og normalt arbeid, skriv tyske Die Zeit.