Fabian Svegård Tapia i «Battle»: – Eg elskar presset

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

24 år gamle Fabian Svegaard Tapia ser på seg sjølv som ein hip hop-nerd som elskar faget sitt. Foto: Jaap Vrenegoor/Filmweb

– Det presset er så herleg. Eg kjenner meg så levande. Eg verkeleg elskar det, seier Fabian Svegaard Tapia på telefon til Framtida.no.

Presset han snakkar om, er når eit heilt filmcrew ventar på at han skal prestere. Regissøren har gitt sine instruksar, koreografen har sagt sitt, der er kostymefolk, sminkefolk, og scripten har nettopp sjekka at capsen hans sit på plass likt som i førre opptak.

Eit heilt crew er i sving, og han må vise kvifor nettopp han fekk rolla.

– Eg har fem minutt på å ta inn alt, og så skal eg levere, seier han.

Fabian Svegaard Tapia er den mannlege hovudrolleinnehavaren i dansefilmen Battle.

Austkantguten som møter vestkantjenta

Der spelar han street-dansaren og austkantguten Mikael, som opnar ei heilt ny verd for den litt meir bortskjemte overklasse-jenta Amalie, spelt av Lisa Teige, kjent frå Skam.

Når Amalie må flytte med familien frå aust til vest fordi faren har gått konkurs, må ho finne ein ny plass å danse. Det er da ho møter Mikael, og blir introdusert for ein heilt annan måte å danse på, enn det ho tidlegare har kjent til.

Battle er Tapias første store filmrolle, og han er foreløpig ikkje eit like kjent ansikt som sin kvinnelege medskodespelar. Men etter denne filmhausten kan det fort bli ei endring på det.

Les også: Skam-stjerner i kvar sin norske haustfilm

Fem identiske meldingar frå castarane

Tapia har i fleire år vore konkurransedansar innan hiphop og breaking, og har breakdansa på høgt nivå med eit dansecrew som reiste rundt på konkurransar i Europa.

Da teamet bak Battle skulle finne den mannlege hovudrolleinnehavaren til filmen, var det fleire forskjellige folk som anbefalte han for castingansvarleg.

Det resulterte i at han fekk fire-fem identiske meldingar frå castaren som starta med «Eg har fått anbefaling frå…», før castaren fekk oppklart at det var Tapia det var snakk om i alle meldingane.

– Det var det som motiverte meg mest av alt, å lese at folk eg hadde jobba med før hadde tru på meg i rolla, seier Tapia.

Les også: Kan eigne filmprisar for casting løfte fram kvinner i filmbransjen?

Alltid stått opp ned

Tapia vaks opp på det han kallar «beste austkant», på Romsås i Oslo. Da han var liten var han ein veldig entusiastisk gut som heilt sidan han gjekk i barnehagen har «stått opp-ned».

Han likte å danse og spele skodespel framfor tv-en. Det syntest foreldra var plagsamt, så da han var ni, sende dei guten på musikal-skole der han lærte både dans og teater. Det første han lærte var jazzballett.

Da han var 11 år hadde han sin første betalte jobb, som dansar i Melodi grand prix junior. For pengane kjøpte han ein Game boy.

Men det var ikkje så kult å vere gut og drive med musikal-teater på Romsås. Da han var 13, slutta han og vart med venane som hadde byrja å danse breakdance.

Foto: Jørgen Johansson

Tidlegare har han spelt gammal mann, ape og Mads Moen i Peer Gynt. I 2008 var han å sjå på scena som ulv da Det Norske Teatret sette opp Jungelboka.

Les også: Her er castarane sine beste tips!

– Snakkar til følelsene i oss

For rolla som Mikael i Battle måtte han ikkje leite langt for inspirasjon. Da Tapia måtte gi opp breaking på verdsnivå, slo han seg til i Oslo, og fekk – som i filmen – eit forhold til ei jente frå Oslo vest.

– Eg har aldri spelt nokon som er så lik som meg sjølv, seier han.

Produksjonsselskapet omtalar Battle som ein film som tek for seg tema som identitet, sosiale skilnader, ambisjonar, stoltheit og fordommar, og som er fylt av emosjonelle konfliktar, tenåringshormon, håp og draumar.

– Eg trur ein alltid prøver å lage filmar ein sjølv ville likt å sjå. Eg elskar sterke følelsar, og det er ein film som har mykje av det. Den snakkar til følelsane i oss, har regissør Katarina Launing tidlegare uttalt om filmen, til Framtida.no.

Dratt mellom to verder

– Korleis har det vore å vere med i filmen?

– Det har vore heilt utruleg. Det er så utruleg kult. Eg ønsker å bruke både skodespel, dans og musikk, fordi dei utfyller kvarandre veldig godt. Når eg no får gjere to av delane på eit så høgt nivå, så er det veldig bra.

Å jobbe med regissør Katarina Launing beskriv Tapia som det beste i heile filmprosessen.

– Det å jobbe med henne har vore ei gåve. Ho er så skarp, så klar i det ho vil ha, og er flink å få meg til å forstå med minst mogleg ord. Ho er veldig forståelsefull, open, profesjonell. Ein heilt rå regissør, forklarer Tapia.

Han har ikkje tenkt så mykje på det å skulle bli eit kjent ansikt, men har eit ønske om at filmen skal hjelpe han å bli synleg som kunstnar. Og han ønskar at det skal gi publikum ei god oppleving.

– Eg håper dei synest eg gir dei noko, at det skal vere verdt å sjå. At dei blir glade.

Du har legar – dei hjelper deg med å lege fysiske sår og kroppen. Men kva med sjela? Der trur eg kunstnarar kan vere viktige for å vise viktige delar av livet, seier Tapia.

Les også: Lisa Teige frå Skam debuterer med filmhovudrolle i dansefilmen Battle