Lisa Teige frå «Skam» debuterer med filmhovudrolle i dansefilmen «Battle»

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Katarina Launing er regissør på «Battle». Foto: IMDb

– Eg trur ein alltid prøver å lage filmar ein sjølv ville likt å sjå. Eg elskar sterke følelser, og det er ein film som har mykje av det. Den snakkar til følelsene i oss, seier regissør Katarina Launing om den kommande filmen «Battle», til framtida.no.

Skal vi tru traileren til den nye filmen, som blir omtala som Skandinavias første ordentlege dansefilm, så blir det mykje av det.

«Battle», med Lisa Teige og Fabian Svegaard Tapia i hovudrollane, er basert på Maja Lunde si bok med same namn. Produsentar er Storm Films og Friland Produksjon. Filmen blir distribuert av Nordisk film.

Sjå traileren frå filmen her:

Jenta som har alt

I filmen speler Lisa Teige karakteren Amalie, jenta «som har alt»: utsjånad, pengar, kjærast og eit stort dansetalent. Ein dag må ho plutseleg flytte frå alt ho kjenner. Det er da ho møter Mikael, guten som dansar street og er annleis enn alle andre ho har møtt.

Mikael overtaler Amalie til å bli med på ein klubb der ho får sjå sin første battle, og for første gong må ho verkeleg stole på sine eigne følelser og vise verda kven ho eigentleg er.

– Det er difor eg elskar dans også, fordi det er eit kroppsleg uttrykk for kjenslene, seier regissør Launing til framtida.no.

Regissøren har tidlegare regissert filmar som Kule Kidz gråter ikke, og Julenatt i Blåfjell.

Filmen kjem på kino 28. september.