Kan eigne filmprisar for casting løfte fram kvinner i filmbransjen?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein kan velte ein film med ei dårleg casting. Riktig casting er veldig synleg og veldig avgjerande for det endelege resultatet, seier Mette Holme Nielsen til Framtida.no.

Holme Nielsen har jobba i fleire tiår med casting, og saman med Belinda Sørensen driv ho castingbyrået Folk & Film. Nyleg var dei nominerte til International Casting Director Award for Erik Poppe sin «Utøya 22. juli».

Prisen vart delt ut første gong i 2016 og er eit tydeleg teikn på at ei ny yrkesgruppe er i ferd med å bli anerkjent.

Les også: Oscar er ein kvit mann som pushar 50

Takk til castinga

Under helgas Amandaseremoni gjekk to av dei gjevaste prisane til skodespelardebutantar frå den kritikarroste filmen «Utøya 22. juli» av Erik Poppe. Solveig Koløen Birkeland (17) vann beste kvinnelege birolle og Andrea Berntzen (20) fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle.

Me føler at me har funne skodespelarane frå scratch, så det er veldig hyggeleg med den anerkjenninga dei får. Og det at Andrea trakk fram castinga i takketalen er veldig uvanleg – og veldig hyggeleg, seier Nielsen.

Også regissør Erik Poppe har skrytt over castingarbeidet i forkant av filmen. Til filmbladet Rushprint fortel han om utfordringa med å finne ein ung, ukjent skodespelar som kunne bere store delar av filmen på sine skuldre, ved å vere i biletet heile tida.

Les også: Frå #OscarSoWhite til #OscarSoMale

Ei usynleg gruppe

I juli sendte gruppa «Vi er halvparten av historiene – kvinner i norsk film og tv-bransje» inn eit forslag til Amandakomiteen om å opprette priskategoriar for kostyme, sminke og casting. Oppropet vart signert av mellom anna Erik Poppe, Harald Zwart, Liv Ullmann, Hans Petter Moland, Sara Johnsen, Iram Haq og Cecilie Mosli.

– Merkeleg nok er det nesten berre kvinner som er rollebesetterar.

Heller ikkje under Oscar-utdelinga kan rolleplukkarane vinna eigne prisar, noko fleire no tek til orde for at burde bli ein eigen kategori.

Holme Nielsen i Folk & Film meiner det er på høg tid å løfta rolleplukking som profesjon.

–  Det er ikkje på langt nær så anerkjent som andre yrkesgrupper innan film, seier ho.

– Då eg starta var det nesten ingen profesjon i Noreg. Det er ei usynleg gruppe. Kvifor det er slik veit eg ikkje. Kanskje er det fordi det er regissøren som gjer utvalet til slutt? Merkeleg nok er det nesten berre kvinner som er casterar. Om ein hadde fått fram casting som profesjon, så ville kvinnene synast betre, seier Nielsen.

 Ein kan jo spørje seg om det hadde vore ein eigen pris om det var ein funksjon der menn var i overvekt

Ho får støtte av kollega Yngvill Kolset Haga, som har arbeidd fulltid med casting sidan 2012.

I likheit med kostyme og maske, er det nesten berre kvinner. Internasjonalt er det nokre menn, men også der er det fullstendig overvekt av kvinner. Ein kan jo spørje seg om det hadde vore ein eigen pris om det var ein funksjon der menn var i overvekt, seier Kolset Haga.

Rolleplukkaren peikar på at norsk filmbransje no følgjer etter den amerikanske, der casting director gjerne er inkludert i forteksten.

Les også: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

– Eine hovudrolla dukka ikkje opp før to veker før innspelinga, men Eirik Svensson gav seg ikkje og ville prøve fleire, forklarar seier rollebesettar Yngvill Kolset Haga om «Natt til 17.» Foto: Nordisk Film

– Eine hovudrolla dukka ikkje opp før to veker før innspelinga, men Eirik Svensson gav seg ikkje og ville prøve fleire, forklarar seier rollebesettar Yngvill Kolset Haga om «Natt til 17.» Foto: Nordisk Film

Regissørens val

Casting director (rolleplukkar) er ikkje ein beskytta tittel du kan utdanne deg til. Dei fleste som jobbar med dette har bakgrunn innan skodespel, regi eller ei generell film- og teaterinteresse.

Kolset Haga har respekt for at det er regissøren som til sjuande og sist vel rollene, men er glad for at mange regissørar og produsentar no synest å satse meir på castinga.

Ho er i likheit med Mette Holme Nielsen medlem av International Casting Directors Network (ICDN), og i 2016 vart ho nominert til det som den gong heitte European Casting Director Awards. Ho var nominert for arbeidet med regissør Eirik Svensson på ungdomsfilmen «Natt til 17.».

Ein er avhengig av ein produsent som synest casting er viktig, og er villig til å setje av tid og pengar til det. Om ein då endar opp med å velje eit namn som mange kjenner frå før, så veit ein at det er eit gjennomtenkt val. Dei siste åra har det vorte meir positiv blest rundt castinga og mange vel å bruke god tid på prosessen, seier Kolset Haga.

Her kan du sjå intervju med Carmen Cuba, casting director for Netflix-suksessen «Stranger Things»: