Lærar-fleirtal i vest for eigen karakter i sidemål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsklærarar i ungdomsskulen er mest positive til eigen karakter i sidemål på vidaregåande.

Det går fram i ei undersøking for Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar mellom norsklærarar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.

57 prosent av norsklærarane i ungdomsskular på Vestlandet svarar at det framleis bør vera eigen karakter i sidemål på vidaregåande. 32 prosent er mot eigen karakter i sidemål..

Blant lærarar på vidaregåande er det 48,1 prosent som ønskjer å halda på karakteren i sidemål. 36,9 prosent svarer «nei» på spørsmålet om det bør vera eigen karakter i sidemål.

Totalt var det 232 norsklærarar frå Vestlandet som svara i undersøkinga som gjekk ut til skular på heile Vestlandet.

LES OGSÅ: Vestlandselevar betre i sidemål

Fryktar svekking av nynorsken
Høgre vedtok på landsmøtet sitt i mars om å framleis gå vekk frå eigen karakter i sidemål, trass motstand frå representantar frå vestlandsfylka.

Leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli, seier til Framtida.no at han fryktar ei svekking av nynorsken dersom ein fjernar eigen karakter i sidemål.

– Eg trur ei fjerning av eigen karakter i sidemål vil føra til at norsklærarane vil leggja mindre vekt på nynorsken for dei som har det som sidemål.

I dei fire vestlandsfylka er det 102.510 elevar i grunnskulen som har bokmål som hovudmål og 68.782 elevar med nynorsk som hovudmål.

LES OGSÅ: Høgre-politikar melder seg ut i protest etter sidemålsvedtak