Forbrukarrådet åtvarar mot energidrikkonsumet blant unge
Halvparten av barn og unge drikk energidrikkar og nær halvdelen av desse igjen har opplevd biverknader som følgje av energidrikkar, ifølgje ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I undersøkinga frå Forbrukarrådet går det fram at dei har hatt biverknader som skjelving, hjartebank, hyperaktivitet, hovudverk og brystsmerter.
Barn og unge drikk energidrikkar for å halde seg vakne i samband med skulearbeid, men også når dei er saman med vennar. Fire av ti barn mellom 10 og 15 år oppgir at dei drikk energidrikkar fordi vennane deira gjer det.
Heile 16 prosent av dei i alderen 10 til 12 år oppgir reklame som årsak til at dei drikk energidrikkar. Blant unge mellom 15 og 18 år har fire av ti prøvd å blande energidrikkar med alkohol.
– Dette viser ei urovekkjande utvikling. Energidrikk er blitt ein del av kosthaldet til enda fleire barn og unge, seier Gunstein Instefjord, som er fagdirektør for handel i Forbrukarrådet.
Les også: Åtvarar mot ungdom sitt storforbruk av smertestillande
Betydeleg auke hjå dei under 16 år
Mens 54 prosent av gutane seier dei drikk energidrikkar, oppgir 41 prosent av jentene at dei gjer det same. Auken i delen som drikk energidrikkar frå 2015 til 2018 er like stor for begge kjønn – 13 prosentpoeng.
På under tre år har delen barn og unge som drikk energidrikkar auka betydeleg, og mest blant dei som er yngre enn 16 år, samanlikna med undersøkinga som Forbrukarrådet fekk gjennomført for tre år sidan. I gruppa 10 til 12 år er auken frå 8 til 19 prosent, i gruppa 13 til 15 år er auken frå 32 til 53 prosent og i gruppa 16 til 18 år er auken frå 62 til 70 prosent.
På grunn av skadeverknadene, meiner rådet at barn og unge bør beskyttast gjennom eit forbod mot sal til mindreårige.