Forbrukarrådet vil ha aldersgrense på energidrikk

Energidrikkar kan gi søvnvanskar og konsentrasjonsproblem hos barn og unge. Butikkane bør derfor innføre aldersgrense på 18 år, meiner Forbrukarrådet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha aldersgrense på energidrikk

Forbrukarrådet opplyser at dei vil ta initiativ overfor handelsnæringa for å diskutere om dei vil innføre ei sjølvpålagt aldersgrense i sine butikkar og kioskar. Rådet meiner energidrikkar med høgt koffeininnhald ikkje bør seljast til mindreårige.

– Vi veit at høgt inntak av energidrikk på kort tid er farleg, og vi gjer ikkje nok for å beskytte barn og unge. Produktet er urovekkjande lett tilgjengeleg i butikkar og kioskar, seier Gunsten Instefjord, som er fagdirektør for handel i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet har gjennomført ei undersøking som viser at barn ned i tiårsalderen drikk energidrikkar regelmessig. Både i Sverige og Noreg har ungdom vore innlagt med helseproblem som følgje av høgt inntak av energidrikk, ifølgje rådet.

– I tillegg til bekymringa knytt til akutt høgt inntak, veit vi at regelmessig bruk kan gi både søvnvanskar og konsentrasjonsvanskar hos barn og unge. Dette er ikkje eit produkt som er berekna for barn og unge, og det må vi ta konsekvensen av, seier Instefjord.

Rådet meiner handelsnæringa bør vise samfunnsansvar og innføre ei sjølvpålagt aldersgrense på 18 år for kjøp av slike drikkar. (©NPK)