Forsking: Barn på krisesenter slit med skule

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar Sabreen Selvik ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress har i si avhandling ved Universitet i Bergen intervjua 20 barn med mange og lange opphald på krisesenter.

Blant funna er at barn med fleire­ opphald på krisesenter strevar med skulen, skriv Vårt Land. Dei har konsentrasjonsvanskar på grunn av tankar om hemmeleghald, tryggleik, framtidsfrykt, og flashbacks av valden dei har opplevd. At dei veks opp på flukt, som oftast frå ein valdeleg far eller stefar, medfører brot i utdanning, mangel på sosial kontakt med venner, medelevar og lærarar og kunnskapshol i utdanning, noko Selvik meiner er svært uheldig.

Les også: Mange valdsoffer slit med skuld og skam

Læraren må ta ansvar

– Lærarar som får vite at eitt av barna i klassen bur på krisesenter, må snakke med barnet om dette, seier forskaren, som alltid anbefaler at ein lærer som får vite at ein elev bur på krisesenter, tar ein prat med eleven om det.

Selvik seier det er viktig at barna opplever at læraren kjenner til situasjonen deira.

Rundt 1.500 barn budde i fjor på krisesenter i Noreg. Det er 47 senter fordelte over heile landet. Ein firedel av barna har allereie hatt eitt eller fleire opphald på krisesenter tidlegare.

Les også: – Det å vere på flukt er ein konstant uro i kroppen