– Det å vere på flukt er ein konstant uro i kroppen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med konstant uro i kroppen

Sway, sway.

Dei norske hjelpearbeidarane bruker det vesle dei kan av arabisk der dei står i mørkret og tek i mot flyktningar som kjem i gummibåtar i ly av mørkret. Dei prøvar å roe ned situasjonen, slik at det ikkje oppstår panikk.

Bak kamera står regissør Emilie K. Beck og fotograf Adele Gyllenhammar Raaum, som begge studerer på Den norske TV-skolen på Lillehammer.

Tidlegare har filmen Det kommer båter vore vist på VGTV, Amandusfestivalen og Den norske dokumentarfestivalen i Volda, før han førre helg vart han vist på NFFTY i Seattle – verdas største ungdomsfilmfestival.

To vekers førebuing
Eigentleg var planen å dokumentere asylsøkjarar ved eit norsk asylmottak, men då dei ikkje fekk løyve til å filme der, reiste dei to studentane til Lesvos, Hellas etter berre to vekers førebuing.

– Det var sterke inntrykk, som me ikkje var heilt førebudd på, medgjev Beck etter å ha vist filmen sin på Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda.

I ei dryg veke i oktober hadde ho nervane i høgspenn, klar til å filma både dag og natt.

– Når eg sov drøymde eg ofte at det kom båtar, så eg vakna og stod klar og skulle ut og filma.

Dei såg fortvilte vaksne som kom med gråtande babyar. Små barn på heilt framand grunn.

Inntrykka 24-åringen sat att med etter innspelinga sat i kroppen lenge og gjorde at ho nesten ikkje klarte å tenkja på anna etter at ho var kome heim.

I januar i år reiste difor dei to studentane attende til øya Chios, for å hjelpa folk i den fortvilte situasjonen dei tidlegare hadde festa på film.

Frivilligheltar
To flyktningar forklarar at dei har betalt 2000 euro kvar for ein sjanse til å kryssa Middelhavet med gummibåt.

Ifølgje Beck var det ein periode då dei store hjelpeorganisasjonane ikkje fekk lov til å ta imot båtane, fordi det vart sett på som oppmoding til menneskesmugling. Dette løyste FN med å setja opp ubemanna telt. Frivillige måtte ta jobben med å fordela mat og andre ressursar på dei tusenvis av menneska som kjem over havet.

– Det er privatpersonar som har gjort den største jobben. Både dei som reiste ned og grekarar på øyene som jobba natt og dag. Det er jo framgang heile tida, men dei store organisasjonane er framleis sakna, understrekar Beck.  

Ho er ikkje imponert over måten europeiske myndigheiter har takla flyktningstraumen på og meiner me i verdas rikaste land har plikt til å hjelpa menneskjer på flukt frå krig, uavhengig av kva land dei kjem frå.

– Det bør vere mogleg å finna ei løysing på det. Dei er menneskjer, som oss, og må ha rett til å vere trygge.

Flyktning-Sylvi
Beck ser at haldningane til flyktningar i Noreg er i ferd med å endre seg, i takt med den aukande flykningstraumen. Ho synest å sjå fordommane mellom linjene i diverse medieoppslag for at nordmenn skal få meir framandfrykt.

– Korleis kan ein snakka så nedlatande om desse menneska, som berre prøvar å redda seg sjølv og sin familie? Det verkar som om Sylvi Listhaug ikkje vil la det gå inn på seg, fordi ho har teke eit bastant val om at desse skal ut. Det at ho badar med full drakt og plaskar rundt i vatnet for å føla korleis det er å vera flyktning er noko av det dummaste eg har sett. Det er ikkje slik. Dei har jo redningsvestar med liggjeunderlag i, så dei søkk. Slik sett skulle ho heller hatt to vekter rundt magen, så prøve å symje medan familien held på å omkomme på andre sida. Då byrjar me å snakke om at ein kan føla på korleis det er å vera flyktning.

24-åringen vonar filmen hennar kan visa nordmenn kvar flyktningane kjem frå og slik bidra til å bekjempe framandfrykt og fordommar om at dei som kjem er lykkejegarar og skattesnyltarar.

Beck er overtydd om at det viktigaste me kan gjera for flyktningane er å sjå og inkludera dei, slik at dei ikke vert varig prega av behandlinga dei har fått på vegen.

– Det å vere på flukt er ein konstant uro i kroppen. Det er ein konstant usikkerheit, fordi dei vil ikkje ha deg der du kom frå og dei vil ikkje ha deg der du skal. Dei vil ikkje ha deg på vegen heller. Det er ingen som vil ha deg. Du er uønska og sett ned på. Du er uprioritert. Å føla på desse tinga trur eg gjer noko med deg innvendig.