Japan vil oppheve kvalfangstforbod – Australia seier nei

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) møtast denne veka i Brasil. På agendaen står mellom anna eit forslag frå Japan om å oppheve det over 30 år gamle forbodet mot kommersiell kvalfangst.

Australia tek sterkt til motmæle mot forslaget.

– Det som er att av kvalfangst-industrien i dag er ei næring der det er lite – og stadig mindre – førespurnad etter produktet. I mange tilfeller er den også avhengig av statlege tilskot og globalt har det mista sosial aksept, seier Australia sin kvalfangstkommisær Nick Gales, ifølgje The Guardian.

Les ogsåVordande fangstmenn på Svalbard – eitt år åleine i villmarka

Kvalfangskomité

Kommersiell kvalfangst har vore underlagt eit moratorium sidan 1986. Både Island og Noreg har reservert seg mot forbodet og har halde fram med kvalfangst, medan Japan primært har drive med det i vitskapeleg samanheng. No vil Japan utvide fangsten att.

Japan meiner visse bestandar kval har teke seg opp tilstrekkeleg til at forbodet kan hevast. Det nye forslaget går difor ut på å opprette ein komité for berekraftig kvalfangst, som skal opprette regulerande fangstkvotar.

Australske Gales hevdar, ifølgje The Guardian, at forslaget ikkje kan forsvarast ut frå menneskerettar eller global mattryggleik, men er eit reint forretningsforslag som medfører legitime miljø- og velferdsbekymringar.

Les også: Blåkvalen har vendt tilbake

Nye press-faktorar

På opningsmøtet måndag sa også den australske senatoren, Anne Ruston, at det australske folk ikkje vil stille seg bak ei regjering som tillèt industriell kvalfangst.

– Nye press-faktorar, som klimeendring, samanstøyt med skip, marint avfall, og bifangst er tilleggstrugslar mot at kvalpopulasjonen skal vekse og overleve.

Difor kan heller ikkje Australia støtte forslaget, sa senatoren.

Les også: Dette veit forskarane om plast i havet