Blåkvalen har vendt tilbake

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei fantastisk nyheit

Den moderne kvalfangsten reduserte førekomsten av det største dyret i verda kraftig. I 1965 rekna forskarane blåkvalen som svært sjeldan, og Den internasjonale kvalfangstkommisjonen totalfreda arten mot slutten av 1966.

Arten er framleis utryddingstrua, men den siste tida er det observert mange eksemplar i Barentshavet, skriv Aftenposten.

I førre veke observerte forskarar frå Havforskingsinstituttet 25 eksemplar i havområdet, 17 av dei på same stad. I sommar har fleire blåkvalar opphalde seg ved Svalbard.

LES OGSÅ: Jaktar rein på andre sida av Jorda

– Talet på blåkval i nord aukar. Det er ei fantastisk nyheit og veldig spennande, seier seniorforskar Kit Kovacs ved Norsk Polarinstitutt.

Dei siste åra er det registrert mindre dyreplankton i Norskehavet. Det fører til at dei store bardekvalartane trekkjer nordover der det er rikeleg med slik føde.

Professor Jørgen Berge ved Noregs arktiske universitet seier at stor kval er på veg tilbake etter at havområdet nord for Svalbard igjen er isfritt.

– Havstraumane pressar næringsrikt vatn opp på fleire stader ved Svalbard. Inntil nyleg var dette dekt av is, no er det ope farvatn, seier Berge. (©NPK)

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redde verda

Foto: Wikipedia

Faktaboks

Blåkvalen blir 30 meter lang med ei kroppsvekt på 180 tonn og er dermed både det største dyret som lever i dag, og det største dyret me veit har eksistert nokon gong. Bestanden vart kraftig redusert av industriell kvalfangst på 1900-talet.

Blåkvalen finst i alle verdshava utanom i Arktis, men likevel så langt nord som til Svalbard. Tidlegare fanst den største bestanden i antarktiske farvatn, men på 1900-talet vart denne bestanden redusert med kanskje meir enn 97 prosent av industriell kvalfangst. Det vart registrert fangst av 340.000 dyr i antarktiske farvatn på 1900-talet. Nye overslag over den antarktiske bestanden er på om lag 1700 dyr. Arten vart freda på verdsbasis i 1966, men den siste fangsten vart registrert utanfor Spania i 1978.

Les meir om blåkvalen på Wikipedia!