Unge unngår debattar på nett

Færre unge deltar i nettdebattar no enn for fire år sidan. Samtidig opplever fleire å bli utsette for netthets.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser tal frå Medieundersøkinga 2018, som Klassekampen viser til.

I 2014 svarte om lag halvparten i aldersgruppa 16–25 år at dei hadde deltatt i nettdebattar i kommentarfelta til medium og på sosiale medium. Fire år seinare er denne delen redusert til ein tredel. Blant eldre er tendensen motsett.

– Vi trur dei unge blir skremde vekk. Det er urovekkjande, fordi nettdebattar er eit viktig lågterskeltilbod for å diskutere samfunnsviktige spørsmål, seier medieforskar Erik Knudsen ved Universitetet i Bergen. Han har vore fagleg ansvarleg for undersøkinga.

Det kjem også fram eit anna moment som bekymrar forskarane. Talet på spurde som seier dei har blitt hetsa på sosiale medium, har i same tidsperiode auka frå 14 til 21 prosent. Knudsen trur ein del av forklaringa er auken i tenester som tillèt folk å vere anonyme.

Det likar dei yngre mindre. 12 prosent færre meiner media bør tillate anonyme innlegg, og det er berre 28 prosent av dei spurde. Kvar tredje blant dei yngre meiner media bør gripe meir inn og fjerne ytringar meir enn dei gjer i dag.

Medieundersøkinga blir gjennomført årleg og vil bli presentert i sin heilskap under bransjetreffet Nordiske mediedagar i Bergen i mai.