Nytt stipend til unge diktarar

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei fleste litterære prisane går til etablerte forfattarar, og det er få reine lyrikkprisar.  Med eit stipend for unge diktarar framhevar vi dei nye og særprega lyrikarane som er med og held det lyriske språket levande og aktuelt, seier dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret, Geir S. Netland, i ei pressemelding.

Stipendet går til ei ung diktarstemme som har utmerka seg med eit poetisk talent som lyrikar, tekstforfattar eller songpoet. Det nye stipendet blir delt ut ved opninga av Ulvik poesifestival fredag 7. september.

Går til ein lyrikar, songar eller tekstforfattar

Geir S. Netland er dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret. Foto: Olav H. Hauge-senteret

Geir S. Netland er dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret. Foto: Olav H. Hauge-senteret

Olav H. Hauge-stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk og med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet femner om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.

Alle kan fremje forslag om kandidatar til stipendet på haugesenteret.no fram til 15. mai. Ein fagjury med medlemmar frå Norsk Forfattersentrum og Nynorsk kultursentrum vurderer alle framlegga avgjer kven som får stipendet.

– Olav H. Hauge var oppteken av dei nye lyrikarane i si samtid, og unge forfattarar som skreiv brev til Hauge fekk svar og råd. Difor er stipendet kalla opp etter han, seier Geir S. Netland ved Hauge-senteret.