Ferrante-regissøren: – Tvilte ikkje ein augneblink

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då er « My Brilliant Friend » klar til premiere på HBO med dei første åtte avsnitta, som er basert på den første boka, «Mi briljante venninne».

Saverio Costanzo. Foto: Bruno Chatelin/Wikimedia Commons

– Sjølvsagt har eg vore nøydd til å gjere endringar, stryke og samanfatte. Eg håper dei som har lese bøkene, kan sjå serien utan å samanlikne serien med dei, seier regissør Saverio Costanzo, og slår fast:

– Boka var for meg eit kompass, ein guide.

Totalt kjem det til å bli 32 fjernsynsepisodar på rundt éin time. Kvar av dei fire bøkene – «Mi briljante venninne», «Historia om det nye namnet», «Dei som flyktar og dei som blir» og «Historia om det tapte barnet» – får åtte avsnitt kvar.

Costanzo har sjølv skrive manuset og har regien på alle episodane.

– Årsaka til at eg i det heile sit her, er at Elena Ferrante tilrådde meg som regissør. Då eg fekk tilbodet, nølte eg ikkje eit sekund. Elena og eg var fast bestemte på å søkje etter sanninga, seier han.

Les også: Ferrante-feber gir Samlaget størst vekst blant forlaga

Teier om pseudonym

Elena Ferrante er, som mange veit, eit pseudonym, og det er ikkje kjent kven som skjuler seg bak det – sjølv om det finst mange teoriar. Costanzo seier dette:

Som barn spilles Elena Greco av Elisa Del Genio, venninnen Raffaella Lila Cerullo av Ludovica Nasti, før tenåringsrollene overtas av Margherita Mazzucco og Gaia Girace. Foto: HBO / Handout

– Eg kan ikkje seie kven ho er, men vi har jobba svært tett på kvarandre, kvar dag.

– Ho overvaka overføringa av boka til film og kom med forslag, sjølv om eg ikkje trong å forsvare det vi gjorde med innhaldet.

Likevel ristar Costanzo på hovudet når han får spørsmål om han har nokon teori om kvifor bøkene har vorte så populære verda over.

Nærare seks millionar bøker er selde på global basis.

– Eg trur ikkje eingong eg har evna til å kunne analysere det. Det finst så veldig mykje i desse bøkene, ikkje minst spørsmålet om vennskap.

– Eg trur suksessen ikkje minst botnar i kjenslene, og eg spør meg sjølv kva det er i akkurat denne forteljinga som rører oss så utruleg sterkt, seier han.

Les også: Boktips på «Les ei bok-dagen»

Ting som gjekk tapt

– Den første boka handlar om noko som har gått tapt. I dag er det vanskeleg å finne ein lærar som er så brennande engasjert at ho gjennom pasjonen sin kan forandre livet til to små jenter.

– Det er ei forteljing om kor viktig utdanning er, og på mange vis er det ei svært politisk forteljing, seier Saverio Costanzo.

Han seier at Elena Ferrante i bøkene skildrar allting så detaljert at det gjorde hans eigen jobb lettare.

– Ikkje minst når det gjeld skodespelarane. Figurane er så nøye skildra i bøkene at det var lett å finne dei, seier han om skodespelarane som speler Elena og Lila og resten av det etter kvart så kjente Ferrante-universet.

Den halvt norske skodespelaren Elisa Del Genio speler Elena Greco som barn, mens Ludovica Nasti har rolla som venninna Raffaella «Lila» Cerullo. Margherita Mazzucco og Gaia Girace speler dei to som tenåringar.

Les også: Ho har skrive «Lovleg»

Storstilt – tre mil unna

«My Brilliant Friend»-serien – på italiensk «L’amica geniale» – vart spelt inn i Caserta, 37 kilometer inn i landet frå Napoli.

Der bygde filmteamet opp eit filmsett som strekte seg over 20.000 kvadratmeter. Der vart nabolaget til jentene anno 1950-talet bygd opp med eksteriøret til 14 leigegardar og interiøret i fem ulike leilegheiter så vel som ei kyrkje og ein tunnel, ifølgje HBO.

Nærare 9.000 barn og 500 vaksen på Campania-distriktet vart vurderte i castingjakta. 150 skodespelarar og rundt 5.000 statistar var involverte i sjølve innspelinga.

Dei første to episodane vart viste under filmfestivalen i Venezia nyleg, og bransjebladet Variety seier i filmmeldinga si at det «for det meste er godt nytt» for bokfansen.

Costanzo får ros utan atterhald for regien på dei to yngste stjernene og på vaksengalleriet rundt dei.

Les også: HBO sin nye sketsjserie er vedunderleg og rar, og har ein sterk bodskap