«Skam»-bøkene stormar ut i verda. Nytt opplag her heime

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie første dagen vart «Skam»-bøkene selde til Sverige og Finland.

Dei skal seljast i boksar på fire, altså ein for kvar av TV-sesongane som vart sende mellom 2015 og 2017. Manusa inneheld scenar som aldri vart innspelte, replikkar som seinare vart kutta, nyskrivne prologar og epilogar, og Andems eigne kommentarar og «unike tankekart».

– Det er både gøy og flaut å lese manusa igjen no. Og så bringar det tilbake veldig mange gode minner frå den tida «Skam» var ein bitte liten produksjon i ein krok på NRK, seier Andem til VG.

Les også: Skam-stjerner i kvar sin norske haustfilm

– Har forandra populærkulturen

Den tida er for lengst forbi, og sjef i Salomonsson, Julia Angelin, meiner dei berre har sett byrjinga.

– Julie Andem har forandra heile den skandinaviske populærkulturen, og ringverknadane har breitt seg internasjonalt, seier ho.

Her heime har dei 5.000 eksemplara av førsteopplaget på «Skam»-bok nummer 1 blitt seld i rekordtempo, ifølgje forlaget Armada. Denne veka trykkjer dei nytt opplag.

Les også: Skam-Ulrikke lagar podcast-serie

– Blir kontakta frå heile verda

– Responsen har vore overveldande, og viser krafta som ligg i «Skam»-universet. Vi har blitt kontakta av forlag og fans frå heile verda, seier Jonas Forsang i Armada.

Fleire fans frå Danmark har allereie kjøpt seg flybillettar til Oslo for å kjøpe boka fysisk i ein norsk bokhandlar, og Forsang synest det er fantastisk gøy at så mange unge folk spring inn i bokhandlane på jakt etter bøker.

– Som forleggar er ein alltid på jakt etter prosjekt som kan leie Instagram-generasjonen til bokhylla. Dette beviser at dei rette bøkene alltid vil finne ein marknad, uavhengig av stadig tøffare konkurranse frå andre underhaldningsformat, seier Forsang.

Les også: Gjev ut Skam-manus i bokform