Det er synd på svenskane!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Stockholm, ei helg i september 2018:

Spenninga var, som det heiter i klisjéen, til å ta og føla på. I lufta mellom turistane i Gamla Stan, shopparane i Drottninggatan og valstovene på Sergels torg hang spørsmålet tjukt som tåke: Korleis skal Sverige styrast dei neste fire åra? Skal Sverigedemokraterna (SD), eit nasjonalistisk parti med røter i nynazismen, få innverknad på politikken?

Etter at valresultatet vart kunngjort søndag kveld, spreidde det seg ei viss lette

Etter at valresultatet vart kunngjort søndag kveld, spreidde det seg ei viss lette. SD gjekk sterkt fram, men ikkje like mykje som mange venta. Særleg dei yngste veljarane svikta partiet når det gjaldt. Erkefiendane Socialdemokraterna (S) og Moderaterna (M) gjekk sterk tilbake, men igjen, ikkje like mykje som mange venta. S er framleis desidert størst, og M er klart nest størst. Ingen regjeringsalternativ har eit fleirtal bak seg i Riksdagen, men det har dei ikkje hatt dei siste åtte åra heller.

Les også: Statsministeren blir sitjande – iallfall litt til

Vänsterpartiet og Centerpartiet, to tydelege ideologiske alternativ som begge har markert seg som ein motpol til SD i innvandrings- og integreringspolitikken, auka til saman like mykje som SD. Dei meir høgreekstreme nye partia Alternativ för Sverige og Nordiska Motståndsrörelsen floppa totalt og var ikkje i nærleiken av å bli valde inn nokon stad. Ei valdeltaking på over 84 prosent – eit tal me ikkje har sett maken til i Noreg sidan 80-talet – tyder ikkje akkurat på sviktande oppslutnad om demokratiet.

Les også: Glosebok for val

Partileiarane i den borgarlege Alliansen helsa folket på Sergels torg i Stockholm siste dagen før valet. Frå venstre Ebba Busch Thor (Kristdemokraterna), Ulf Kristersson (Moderaterna), Jan Björklund (Liberalerna) og Annie Lööf (Centerpartiet).

Partileiarane i den borgarlege Alliansen helsa folket på Sergels torg i Stockholm siste dagen før valet. Frå venstre Ebba Busch Thor (Kristdemokraterna), Ulf Kristersson (Moderaterna), Jan Björklund (Liberalerna) og Annie Lööf (Centerpartiet).

Den nye normalen

Landet «där lagom (passe) är best», som Kent song, er blitt meir ekstremt, meir polarisert og fragmentert. Samstundes er landet på mange måtar blitt meir normalt. Som tidlegare statsminister og utanriksminister Carl Bildt peikar på, er det «den nye normalen» i Europa at tradisjonelle styringsparti går tilbake, at nye, meir ekstreme krefter kjem til, og at det er ei stor utfordring å danna ei styringsdyktig regjering. Svenskane må læra seg å leva med dette, slik til dømes tyskarane, nederlendarane og danskane har måtta gjera.

Spørsmåla er kven som gir seg, kva tid og med kva utfall

Kva som no skjer vidare, veit ingen. Dei siste røystene er endå ikkje fintelte, og med små marginar kan dei påverka den endelege mandatfordelinga i Riksdagen. Men viktigare blir samtalane i og mellom partia i dagane og vekene som kjem. Fleire kommentatorar har sagt at viss alle partileiarane står fast på lovnadene sine, vil ikkje landet kunna styrast. Spørsmåla er kven som gir seg, kva tid og med kva utfall.

Når Riksdagen skal røysta over lagnaden til statsminister Stefan Löfven, vil han truleg få fleirtalet mot seg og gå av. Moderatleiaren Ulf Kristersson har sagt at han og Alliansen – eit samarbeid mellom dei fire borgarlege partia – vil forsøka å danna regjering sjølv om dei er mindre enn den raudgrøne blokka. Men alliansepartia er splitta i synet på Sverigedemokraterna. Mange i Centern og Liberalerna ser det som politisk sjølvmord å opna for samtalar med nasjonalistane.

Les også: Nasjonalistar med stor sjølvtillit i svensk valdrama

Det vrimla av politikarar, veljarar og hundar på Medborgarplatsen i Stockholm dagen før valet.

Det vrimla av politikarar, veljarar og hundar på Medborgarplatsen i Stockholm dagen før valet.

Demokratiet si midtlivskrise

Den tidlegare statsministeren Göran Persson spår at ei regjering av Moderaterna og Kristdemokraterna er det mest trulege utfallet, fordi det kan vera til å leva med både for Sverigedemokraterna og for sentrumspartia Centern og Liberalerna. Det inneber at Alliansen, som har halde saman siden 2004, blir splitta opp. Eit slikt scenario kan like gjerne ende med at Centern og Liberalerna søkjer samarbeid med dagens regjeringsparti Socialdemokraterna og Miljöpartiet, slik Stefan Löfven drøymer om. Det vil i så fall igjen auka sjansane for at Moderaterna, Kristdemokraterna og Sverigedemokraterna finn saman i tida fram mot neste val.

SD har særleg henta røyster blant veljarar som manglar tillit til dei etablerte partia

Ein situasjon med svake og skiftande regjeringar vil truleg ikkje bidra til å auka tilliten mellom folk og politikarar. SD har særleg henta røyster blant veljarar som manglar tillit til dei etablerte partia. Men å danna fleirtalsregjering over blokkene, slik sosialdemokratane og kristendemokratane har gjort i Tyskland, vil også kunna styrka populistane ved å gjera dei til den einaste reelle opposisjonen. Særleg i ein eventuell nedgangskonjunktur kan dette utnyttast grovt.

Sverige er eit stabilt og velfungerande demokrati, godt hjelpt av ein sterk økonomi og tett internasjonalt samarbeid. Men sjølv om dei ikkje er på randen av nokon kollaps, har svenskane nok av store utfordringar i dagane, vekene og åra som kjem. Sånn er livet i det forskaren David Runciman har kalla «demokratiet si midtlivskrise». Som Agnes seier i August Strindbergs Ett drömspel: Det er synd på menneska!