Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 04.11.2022 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du nokonsinne lest ei nyheitssak, overhøyrt ein diskusjon på bussen eller vore på valvake, og så innser du plutseleg – eg anar ikkje kva desse orda tyder?

Frykt ei! Her får du ei kjapp innføring i dei viktigaste glosene før Sverige-derbyet på søndag.

Les også om kvifor det svenske valet er så spesielt!

Valordning-vokabular

Først av alt. I Noreg og i Sverige har vi parlamentarisme. Det tyder at ei regjering styrer så lenge fleirtalet i ei nasjonalforsamling tillèt det. I Noreg er Stortinget nasjonalforsamlinga, i Sverige heiter den Riksdagen.

Så, vidare til alle dei andre orda.

Mandat: Dette er eigentleg berre eit vanskelegare ord for ein representant. I Stortinget er det 169 mandat, og i den svenske Riksdagen er det 349. Desse vert valt ut frå kor mange stemmer eit parti har i dei individuelle valkrinsane. (I Noreg vert valkrinsen det same som eit fylke, og i Sverige det same som eit len.)

Dei fleste plassane i nasjonalforsamlinga er slike vanlege mandat, men nokre plassar vert haldne av som utjamningsmandat.

Utjamningsmandat: I det norske Stortinget er 19 av 169 stortingsplassar det vi kallar utjamningsmandat. I den svenske Riksdagen er det 39 av 349. På grunn av måten ein fordelar stortingsplassar, så ender ofte små parti opp med å få færre representantar totalt enn det dei eigentleg fekk stemmer til. For å rette opp i denne demokratiske ubalansen, så kan desse partia få tildelt utjamningsmandat.

Sjå meir om fordeling av representantar i denne videoen: 

Sperregrense: I Noreg og i Sverige er sperregrensa på 4%. Det tyder at eit parti må få over 4% av alle stemmene på landsbasis før det kan få tildelt eit utjamningsmandat.

Med sperregrensa veg ein behovet for at alle skal verte representerte mot mogelegheita til å faktisk få ting gjort. Sperregrensa fører til at små parti, som ikkje kjem seg over 4%, får færre representantar enn det oppslutnaden tilseier. Dei større partia får såleis litt meir makt, i håp om at dei skal kunne enklare verte einige og handlekraftige. Sperregrensa er såleis til for å hindre at det vert for mange kokkar, og for mykje søl.

Prosentpoeng: Prosent og prosentpoeng er to ulike ting. Du kan ikkje seie at eit parti enda opp med 37,5 prosentpoeng. Det vert riv ruskande feil. Prosentpoeng er differansen mellom to prosentar. Om eit parti har 42,5% oppslutnad i ei meiningsmåling tysdag, men 45,5% på onsdag, så har partiet 3 prosentpoeng høgare oppslutnad.

Valdagsmåling: Dette omgrepet snublar ein borti av og til, men sjeldan i norsk samanheng. Ei valdagsmåling er ei undersøking som vert utført på valdagen, gjerne utanfor vallokal, der ein spør folk kven dei har stemt på. I Noreg er det ulovleg å offentleggjere slike prognosar før vallokala er stengde, og det er usikkert kor nøyaktige desse prognosane er.

Regjeringsvokabular

Regjeringsparti: Det er like rett fram som det høyres ut – det er eit politisk parti som er med å danne regjeringa.

Fleirtalsregjering: Det er altså ei regjering som har eit fleirtal mandatar i nasjonalforsamlinga åleine. I det norske Stortinget treng ei regjering å ha 85 representantar for å ha fleirtal, og i den svenske Riksdagen 175 representantar.

Mindretalsregjering: Ei mindretalsregjering er ei regjering som ikkje har eit fleirtal i nasjonalforsamlinga åleine. Det vil seie at for å vedta forslag i nasjonalforsamlinga, så treng mindretalsregjeringa direkte støtte frå parti som ikkje sit i regjering. Då vert det mykje forhandlingar!

Den noverande svenske regjeringa er ei slik mindretalsregjering. Der er det Socialdemokraterna og Miljöpartiet de Gröna som dannar regjering, og dei har til saman 113 mandatar av 349 i nasjonalforsamlinga.

Støtteparti: Eit parti som ikkje er i regjering, men vel å støtte regjeringa er eit støtteparti! Eit slikt støtteparti er særleg viktig om det er ei mindretalsregjering. Då har ikkje partia som dannar regjering fleirtal i nasjonalforsamlinga på eiga hand, og eit støtteparti vil vere sentralt for at regjeringa skal klare å få forslag vedteke og få gjennomført politikken sin.

Opposisjon: Eit opposisjonsparti er eit politisk parti som ikkje er med å danne regjering, men som har plass i nasjonalforsamlinga, altså i det norske Stortinget eller den svenske Riksdagen. Ein opposisjon er fleire slike politiske parti som ikkje støttar regjeringa, og som også kan motarbeide regjeringa.

Koalisjonsregjering: Når det er meir enn eitt parti som dannar regjeringa, heiter det koalisjonsregjering. Om denne koalisjonsregjeringa har fleirtal i nasjonalforsamlinga, så er den også ei fleirtalsregjering.

Koalisjonsregjering må ikkje forvekslast med ei samlingsregjering som er ei regjering der alle partia i nasjonalforsamlinga er representert – men i norsk samanheng er desse sjeldne og gjerne knytt til ekstraordinære omstende, som til dømes krig. Sist Noreg hadde ei samlingsregjering var i 1945.

Eittpartiregjering: Ei regjering som består av berre eitt parti.

Det er viktig å hugse at fleirtalsregjering og mindretalsregjering er to motsette omgrep, som ekskluderer kvarandre. Ei regjering kan ikkje vere både fleirtal og mindretal på ein gong. Sameleis med ettpartiregjering og koalisjonsregjering.

Men på tvers kan dei kombinerast. Ei fleirtalsregjering kan vere ei koalisjonsregjering, og det er den som oftast også!

Politisk ideologi-vokabular

Det er ikkje berre i fordeling av mandat og utjamningsmandat det kan balle på seg. Det er er heller ikkje så enkelt å halde tunga rett i munnen når ein høyrer ulike parti skildra. Okei, så dette partiet definerer seg sjølv som sosialistisk? Kva i alle dager vil det seie?

Det kan difor vere greitt å ha desse tre grunndefinisjonane i bakhovudet!

Liberalisme: Dette er ein politisk ideologi som legg vekt på individet, og individet sine rettar. Alle menneske er frie til å gjere som dei vil utan at staten blandar seg for mykje. Klassisk liberalisme vil difor avgrense staten si makt og mogelegheit for å gripe inn, og dei verdset til dømes privat eigarskap. Enkeltndividet er viktigare enn det fellesskapet.

Sosialisme: Sosialismen seier, derimot, at samfunnet som heilskap står over individets rettar. Innanfor sosialismen er ein veldig oppteken av likskap – det skal ikkje vere stor forskjell på fattig og rik. Sentralt står tanken om at økonomisk ulikskap bør motarbeidast, og at staten difor skal spele ei aktiv rolle. Det er såleis også eit mål at staten skal eige mykje av det som vert produsert.

Konservatisme: Konservativisme er ikkje eit like fast omgrep som sosialisme og liberalisme – det er litt meir flytande. Generelt kan ein likevel seie at konservatismen er oppteken av å bygge vidare på dei verdiane ein har, og at endringar skal skje gradvis. I Noreg så legg konservatismen særleg vekt på personleg fridom, rettssikkerheit og stabilitet i samfunnet. Vidare så vil konservatisme ha ein sterk stat som kan gripe aktivt inn i økonomien, men samstundes krev den tydelege grenser for makta.

Og så er det sjølvsagt ikkje så enkelt at ein tydeleg kan kategorisere alle politiske parti, for det finst sjølvsagt mange hybridar. Sosialliberalistiske, sosialdemokratiske, og liberal-konservative parti. Parti som har ein konservativ næringspolitikk, men ein sosial velferdspolitikk. Men desse grunndefinisjonane er ein peikepinn!

Aksevokabular og politiske fargar

I Noreg så har dei politiske partia tradisjonelt fordelt seg på ei akse frå venstre til høgre. Det har også vore tilfelle i Sverige, men der er Sverigedemokraterna i ferd med å utfordre den klassiske inndelinga.

Venstreside: Parti som plasserer seg på venstresida i den politiske aksen er tradisjonelt dei sosialistiske partia. Det er dei mest utjamningsorienterte – dei vil helst ikkje ha særleg forskjell på fattig og rik. Desse vert gjerne også kalla raude parti. Døme: Sosialistisk Venstreparti.

Høgreside: Tradisjonelt vert konservative parti plassert på den politiske høgresida. Desse vert gjerne også kalla borgarlege parti eller blå parti.
Døme: Høgre.

Sentrumsparti: Desse partia vil ikkje tydeleg vedkjenne seg verken høgre eller venstresida, men meiner dei er ein plass midt i mellom, og kan trekke mot både den venstre og høgre avhengig av sak. Desse partia vert oftast kalla grøne parti, men nokre også gule.
Døme: Senterpartiet.

Kjelder: snl.no, allkunne.no